Utvidar svarfristen for Folkehelseundersøkinga 2026

Vestland fylkeskommune utvidar svarfristen for Folkehelseundersøkinga 2026 til 13. mai. - Svara som vert gjevne er viktig i planlegging og dagleg folkehelsearbeid. Det er ein god måte å få seia noko om kor ein sjølv meiner systemet fungerer eller kor det bør skje betringar, seier rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.

to menn sit på fjeltopp med utsikt over fjorden - Klikk for stort bileteTurar i mektig natur er godt for folkehelsa. Vestland fylkeskommune, Julia Farsund Storvik

I april gjennomførte Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Folkehelseinstituttet, Folkehelseundersøkinga 2026. Eit tilfeldig utval av innbyggjarar på Bømlo fekk invitasjon til å delta. Verken Vestland fylkeskommune eller Bømlo kommune veit kven som har fått tilsendt oppmoding om å svare og om desse har svara eller ikkje. Utsendinga vert gjort i frå FHI og er også anonymisert for dei som skal bruke resultata i sitt arbeid.

Utvidar fristen

- Undersøkinga gir viktig kunnskap om korleis me har det i kvardagen, og korleis helse, trivsel og livskvalitet utviklar seg i kommunen. Når innbyggjarane svarer, får både kommunen og fylkeskommunen eit betre kunnskapsgrunnlag. Det er ein god måte å få seia noko om kor ein sjølv meiner systemet fungerer eller kor det bør skje betringar, fortel rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.

Grunna låg svarprosent oppmodar ho no dei som har fått invitasjonen på sitt helsenorge.no om å delta på folkehelseundersøkinga. Portalen vert halden open til 13.mai.

Brukast i planlegging

Resultata bruker me i Bømlo når me planlegg tenester, utviklar lokalsamfunn og skal ta gode og treffsikre val for framtida. Undersøkinga gir også fylkeskommunen oversikt over helsetilstanden i Vestland, slik folkehelselova krev.

Folkehelseundersøkinga går til eit tilfeldig utval av vaksne over 18 år. Dei som blir inviterte, får melding på SMS eller e post og svarer digitalt. Det er frivillig å delta, men me håpar mange tek seg tid til å bidra. Alle svar blir behandla i tråd med strenge personvernreglar, og ingen enkeltpersonar kan kjennast att i resultata.

Har du fått invitasjon, håpar me du vil delta. Di stemme er viktig for utviklinga av Bømlo og for folkehelsearbeidet i Vestland.

Les meir om Folkehelseundersøkinga 2026 i  Vestland fylkeskommune