Varslingsprøve 11. juni

Onsdag 11. juni klokka 12 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvarets testa over heile landet. Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko.

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender for 26.4-1. juni

Om testen

Det er politiet som sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret tester samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". Varslingsprøva den 11. juni blir gjennomført over heile landet, rundt kl. 12. Testen blir gjort for avdekkje tekniske feil og for å gjere folk kjende med lyden og signalet.

Kven får testen?

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og kopla til 4G/5G kan ta imot testen. Viss du ikkje ønskjer å få testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokken 12 den 11. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Les meir på www.naudvarsel.no

På døra veke 21 (PDF, 196 kB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 21 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er DSB sin nasjonale varslingsprøve 11. juni. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS held Bømlo kommune fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor fram til medio juni i år. Me testar ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.