Bømlo klare til å hjelpe

Eit samstemt formannskap stiller seg bak å ta imot vår del av flyktningar frå Ukraina. Viljen og engasjementet for å hjelpa er stort både blant private og bedrifter. - For kommunen er det viktig at hjelpa er godt samordna slik at me best mogleg får på plass alt dei treng av tenester innan helse og skule med meire, påpeika kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Formannskapet fremja og vedtok samrøystes torsdag 10. mars at Bømlo kommune er positive til å ta imot flyktningar utover det fastsatte antal vedteke i samband med kommunebudsjettet for 2022. Dei er samstemte i si fordøming av Russland sin militære aggresjon og krenkinga av Ukraina sin suverenitet.

– Bømlo kommune ynskjer å hjelpe til i denne akutte situasjonen som har oppstått i Aust-Europa, og er klare til å ta imot flyktningar frå Ukraina. Formannskapet i Bømlo kommune forventar at statlege mynde snarast får på plass planar og finansiering for korleis me skal løyse denne oppgåva slik at me kan setje naudsynte ressursar i kommunen i gang med dette viktige arbeidet. Lokale lag og organisasjonar bør involverast, heiter det mellom anna i vedtaket.

Kommunedirektøren fekk også fullmakt til å senda kommunalt overskotsmateriell til kjende mottakarar som kan sørge for ei nyttig bruk i Ukraina.

Stort engasjement

Under ordskiftet kom det klårt fram at private, bedrifter, lag og organisasjonar i Bømlo står klare for å bidra med det som trengst med omsyn til bustad, naudsynt utstyr og tilmed arbeidsplassar.

- Det kommunale apparatet er godt rusta for oppgåva, men det er avgjerande at me har struktur på hjelpearbeidet og går gjennom dei offisielle kanalane, understreka ordførar Sammy Olsen.

Til toppen