Bømlo kommune regodkjent som trafikksikker kommune

Bømlo kommune fekk 8. mai besøk av Trygg trafikk, som kunne gratulere kommunen med tre nye år som trafikksikker kommune.

Bømlo kommune vart fyrst godkjent som trafikksikker kommune i 2018, regodkjent i 2020 og er no regodkjent for tre nye år. Godkjenninga inneber at det blir jobba målretta og heilskapleg med trafikksikring i dei kommunale verksemdene og blant innbyggjarane i Bømlo. Kriteria stiller krav til dokumentasjon frå dei ulike verksemdene i kommunen, til dømes skulene og barnehagane: «Trafikksikker kommune handlar mykje om haldningsskapande tiltak og systematisk arbeid med dei kommunalt tilsette. Saman med arbeidet med å få gode og trygge vegar, gir dette god trafikktryggleik» innleia Audun Heggestad frå Trygg trafikk møtet med.

Regodkjenning

Kvinne i digitalt møte med mange deltakere lokalt - Klikk for stort bileteUnni Knutli frå Trygg trafikk leia møtet om regodkjenning via Teams Bjørn Håvard Bjørklund

Unni Knutli har leia regodkjenninga frå Trygg trafikk. Ho trekte særleg fram Arbeidsmiljøutvalet sitt arbeid med trafikksikring og årleg politisk meldingssak som svært positivt: «Bømlo har jobba systematisk med trafikksikring gjennom lang tid. Trafikksikringsplanen gir eit godt grunnlag for arbeidet. Me i Trygg trafikk har ikkje sett andre kommunar som har slik oppfølging i Arbeidsmiljøutvalet og inn mot politikarane som Bømlo. Det var ingen tvil om at kommunen kunne regodkjennast!» avslutta ho med, då ho leia regodkjenningsmøte via Teams.

 

Den politiske meldingssaka om status for trafikksikringsarbeidet kan ein lesa her (PDF, 4 MB)

Viktig med kurs og fokus blant dei tilsette

På andre sida av bordet satt lokale representantar frå Trygg trafikk, leiargruppa i kommunen, representantar frå skular, barnehagar, helsestasjon, verneombod, kommuneoverlege og rådgivar for folkehelse og frivilligheit.

Kommunedirektøren var stolt over dei positive tilbakemeldingane kommunen fekk på arbeidet, og trekte samstundes fram nokre område ein ville jobba vidare med: «Det er viktig med gode oversiktar over kven som har gjennomført kurs innanfor trafikksikring, særleg når me får nytilsette. I tillegg har mange av dei kommunalt tilsette ein hektisk kvardag og då er det viktig at me har dialog og kampanjar som gir fokus på trafikktryggleik. Kvar månad har me eit HMS-tema som me rettar merksemda vår mot. I januar var dette trafikktryggleik og eg trur mange av dei tilsette kjente litt på det når dei såg filmen om mobilbruk i bil.»  

HMS-kampanjefilm om mobilbruk i bil frå Bømlo

Som bevis på at kommunen no er regodkjent overrekte Trygg trafikk oppdaterte plakettar som ein finn att på veggen på barnehagar og skular i heile kommunen, samt på rådhuset. I tillegg fekk kommunen aktivitetshefter, refleksvestar og omvendte parkeringsbøter for bilar som har rygga inn, til bruk i det vidare arbeidet med trafikktryggleik i kommunen. 

Representantar frå trygg trafikk, skular, barnehagar og kommunar med plakettar som viser at Bømlo er regodkjent som trafikksikker kommune - Klikk for stort bileteSom bevis på at Bømlo er trafikksikker kommune får alle barnehagar og skular, og rådhuset plakettar. Bjørn Håvard Bjørklund
Til toppen