Champagnestart for sykkel-vm

Kort- og rehabiliteringsavdelinga (KOR) ved Bømlo bu og helsesenter markerte starten på VM i Road Worlds for seniors, eller sykkel-vm, ved å spretta champagneflaska i dag 6. september klokka 10.00. Jostein Nesse fekk æra av å sykla første etappe Storavatnet rundt.

- Mange her er ivrige på å trena sjølve, og treng berre litt hjelp for å kome i gang. Dei synest det er tryggare å ha trent når dei skal heim etter endt opphald, fortel sjukepleiar Laila Rogne som spretta champagnekorken. Avdelinga var flott pynta med norske flagg, ballongar, medaljar og eit bugnande fruktfat for å markera VM-starten.

Personlege triumfar

Jostein Nesse takka nei til champagnen medan han sat på sykkelen, sjølv om den var alkoholfri. Han trivest med opplegget, og er offisiell deltakar i den femte globale sykkelmeisterskapen for seniorar. Road Worlds for seniors (RWS) handlar om å leggja bak seg flest mogleg kilometer i konkurranseperioden som vert avslutta 1. oktober. Det vert konkurrert i klassen for lag, kvinner og menn. Topp 3 i alle klassar får eigen stor pokal, medan alle får deltakarmedalje.

- Alle kan delta i vårt sykkel-vm. Det handlar like mykje om fellesskap, lagkjensle og personlege triumfar som å sykla seg inn på topplistene. 400 meter kan vere like imponerande som 400 kilometer – alle har ulikt utgangspunkt, heiter det frå arrangøren.

Lokale filmar og sponsorar

Dette sykkel-vm fungerar slik at deltakaren sit på ein trimsykkel kopla mot ein dataskjerm. Medan dei syklar ser dei på fjernsyn der ein film med musikk til vert spelt av. Deltakaren vert logga inn og etter endt økt vert tal kilometer loggført. På KOR er det nyleg lagt inn tre filmar frå Bømlo. No kan dei «sykla» Rundt Storavatnet, frå Røyksund bru til kaien på Mosterhamn og frå Bømmelhamn til Eidesvik kai.

- Før sykla dei rundt om i heile verda, men dei likte best filmar frå Sunnhordland og kjende vegar, fortel avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen. Me er svært glade for at ein no har fått lagt inn filmar frå Bømlo. Dette er jo ei rehabiliteringsavdeling kor trening er veldig viktig, og dette er ei fin treningsform, understrekar Knutsen.

Ho er svært takksam ovanfor Finnås kraftlag som sponsa den første sykkelen som står på ei anna avdeling på Bømlo bu og helsesenter. Sykkelen på KOR er det Bømlo frivilligsentral som har skaffa. Dei har også gitt syklar til Teiglandshagen og Bømlo omsorgstun. 

Til toppen