Etablerer utviklingsselskap for fiskerihamna

Etter å ha diskutert ulike løysingar landa eit samla formannskap på å etablere Hovlandshagen utvikling AS i lag med Karmsund havn IKS i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg. Ein føresetnad for etableringa er at det snarast må setjast i gang sal av eigedomar som inngår i planområdet til lokale næringsinteresser.

Kommunen har ved utgangen av april 2023 til saman investert ca. 38 millionar kroner for å sikre ønska utvikling av næringsområdet i Hovlandshagen. Dette inkluderer kostnadar til plan, utgraving og kjøp av grunn. Kommunen eig delvis planert næringseigedom på ca. 124 mål i planområdet. I tillegg kjem områda som er tilgjengeleg for utfylling til sjø. Det ligg inne søknad hjå Kystverket om tilskot til bygging av kai langs moloen. 

Sal, leige eller vidareutvikling

- Eg ser ingen interessemotsetnad mellom etablering av utviklingsselskapet og dei interesser Bømlo fiskerihamn AS og andre næringsinteresser i området har vist i prosessen. Det store engasjementet og involveringa frå eit utolmodig lokalt næringsliv har vore, og er avgjerande for at me er komen der me er i dag og for vidare utvikling. Punkt fire i vedtaket sikrar at utviklingsselskapet vil jobbe for at næringsaktørar kjem raskt i gang med sine planar og utbyggingar, meiner kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

I saksutgreiinga peikar han på at kommunen sitt innskot i selskapet vil vere eigedomar i planområdet. Desse kan seljast, leigast ut eller på andre måtar utviklast av selskapet saman med lokalt næringsliv. Forslaget styrker næringsområdet og næringslivet som allereie er etablert i Hovlandshagen. I tillegg vil selskapsdanninga gjere mogleg innovasjon og utvikling av ny næring, særleg då for den marine og maritime næringa.

Saman med Karmsund Havn IKS vil kommunen kunne realisere kai, molo, vegnett og anna infrastruktur, i tillegg til at dei vil kunne finne ei tenleg utvikling av landområda i samarbeid med næringslivet. Kommunen vil kunne ta del i verdistigninga av området, og på sikt få refundert dei kostnadane kommunen har hatt til etablering av området, samstundes som ein bidreg til verdistigning gjennom å skapa aktivitet, arbeidsplassar og innovasjon.

- Bømlo fiskerihamn er ei særs viktig sak for Bømlo kommune. Både som tilretteleggjar for den marine og maritime næringa, og då særleg den havgåande fiskeflåten. Saka er også viktig for Vestland fylkeskommune, som i si tid gjorde vedtak om å garantere for bygging av skjermingsmoloen for å etablere ei nasjonal fiskerihamn. Lukkast me med å etablere berekraftig næringsutvikling bak skjermingsmoloen vil dette auka den samfunnsøkonomiske nytteverdien av prosjektet ytterlegare, understreka kommunedirektøren.  

Saksdokument og protokoll frå formannskapsmøtet 01.06.2023

Vedtak - samrøystes

1. Formannskapet godkjenner etablering av selskapet Hovlandshagen Utvikling AS saman med Karmsund Havn IKS.
2. Formannskapet godkjenner forslag til selskapsvedtekter og aksjonæravtale for selskapet Hovlandshagen Utvikling AS.
3. Formannskapet godkjenner at eigedomsmassen som kommunen har i næringsområdet inngår som tingsinnskot i etablering av selskapet.
4. Føresetnad for punkt 1. er at det snarast går i gang med sal av eigedomar som inngår i planområdet til lokale næringsinteresser.

Punkt 1-3 i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg, og punkt 4. fremja av ordførar Sammy Olsen (Sp)

Til toppen