Finnås - Noregs fyrste heildigitale kommune

Alt av arkivmateriale etter historiske Finnås kommune (1837-1916) er no skanna og tilgjengeleggjort til Digitalarkivet. Samlinga er slik å rekne som Noregs fyrste heildigitale kommune.

- I kjeldene som nå er gjort tilgjengelege, finst inngangen til eit stort tal historier både på samfunnsnivå og individnivå. Me vonar med dette å møta forventningane forskarar og innbyggjarar har til digital tilgang til arkivmateriale, seier fagleiar Knut Kjosås i Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA). Saman med Arkivverket står dei bak prosjektet.

Finnås formannskapsdistrikt låg i Sunnhordland i dåverande Søndre Bergenhus amt, seinare Hordaland og no Vestland fylke. Arkiva strekkjer seg over tidsrommet 1838–1927, men kommunen opphøyrde i 1916, då den blei delt i dei tre kommunane Bremnes, Moster og Bømlo. Arkiva spenner over heile bredda i samtida si kommunale forvaltning, og det er registrert arkiver etter ti arkivskaparar: Valstyret, Formannskapet, Heradskassen, Fiskarmanntalsnemnda, Likningsnemnda, Skulestyret, Fattigkommisjonen, Verjerådet, Barneskulane og Overformynderiet.

Kjosås opplyser at arkiva vart henta inn til IKA Hordaland i perioden 1995–1999, vart ordna og katalogisert i 2004 og registrert i ASTA i 2018. Bømlo kommune eig arkiva etter Finnås.

Søk i arkivet til Finnås kommune

- Svært verdifullt

- Me i Bømlo kommune er sjølvsagt svært stolte over at gamle Finnås kommune no er å rekna som Norges første heildigitale kommune, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Han seier vidare at IKA Hordaland har gjort eit omfattande og godt arbeid for å få dette til. Eit arbeid som har resultert i 21.000 bilete som gir eit levande uttrykk både for den kommunale forvaltninga i perioden, og ikkje minst dei problemstillingane som vart drøfta politisk.

- Det er svært interessant å sjå at drøftingar om samferdsel, infrastruktur, bompengar og anna finansiering tidvis var like aktuelle på 1800-talet som i dag. Med løysinga får me eit godt innblikk i historiske hendingar. Me får også informasjon om korleis historia vart til. Dette ser me som svært verdifullt, understrekar Aga Gjøsæter.

Han ser arkivet som ein lokal skatt som no ligg tilgjengeleg på internett for sjølvbetjening på Digitalarkivet si fellesnasjonale publiseringsplattform. Med denne tilgjengeleggjeringa sikrar me innbyggjarane sin demokratiske rett til offentleg dokumentasjon og kulturarv.

- Me håpar at Bømlo og IKA Hordaland med arbeidet som er gjort for gamle Finnås set ein ny standard for tilgjengeleggjering av arkivmateriale, seier kommunedirektør Aga Gjøsæter.

Les meir om prosjektet «Finnås heldigitale kommune» 

Artikkel om Finnås heildigitale kommune i fagbladet Arkheion (PDF, 2 MB)

Til toppen