Forskotterte kalkomn på Moster

Formannskapsmøtet torsdag 18. november 2021 vart smått historisk då sju av dei åtte møtande representantane utanom ordføraren var kvinner. Ei av sakene dei vedtok samrøystes var å forskottera kostnadane til prosjektering og realisering av kalkomn i Mostratunet, oppad avgrensa til 300.000 kroner.

Prosjektet med ny kalkomn er allerie godt i gang, og første brenning ser ein for seg vil vere i juni neste år. Formannskapet rosa også innsatsen til alle som bidrog for å få på plass lysløypa i Langevåg. Dei vedtok samrøystes å gje ytterlegare 150.000 kroner i tilskot slik at total kommunalt bidrag er på 300.000 kroner.

Folkevekst i siste kvartal

Formannskapet hadde også oppe ei meldingssak om bustadanalyse for Bømlo kommune som vert viktig å ta med seg inn i sluttfasen av arbeidet med arealdelen i kommuneplanen (KPA). Denne tek ein sikte på å få vedteke i løpet av neste år. Eigarskapsmeldinga 2021 vart også debattert, og samrøystes innstilt for kommunestyret i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg. Det same gjaldt saka om heiltidskultur, som særleg innan helse og omsorg må prioriterast for å konkurrera om denne arbeidskrafta framover.

Statsforvaltaren i Vestland har endeleg stadfesta Bømlo kommunestyre sitt ekspropriasjonsvedtak av 20.09.2021 for gnr. 53 bnr. 132 og det vart heller ikkje gjeven utsetjande verknad. Dermed kan kommunen gjennomføra reguleringsplanen for Bømlo fiskerihamn i Hovlandshagen på Langevåg.

Økonomisjef Jarle Nakken kunne også fortelje ei gladnyhende om at folketalet i Bømlo kommune har auka med to i siste kvartal. Per 30.09.2021 var det totalt 12 061 innbyggjarar i Bømlo mot 11 953 ved årsskiftet 2020/2021. Til vanleg plar me oppleva ein nedgang i folketalsveksten i andre halvår. 

Her finn du alle tal om Bømlo kommune frå Statistisk sentralbyrå

Til toppen