Første salve for nytt industrieventyr

- Dette er starten på eit nytt industrieventyr, helsa ein stornøgd styreleiar Ståle Vorland i Bømlo fiskerihavn AS dei over 500 frammøtte i Langevåg bygdatun.

Det var reine 17. maistemninga på Langevåg fredag 11. mars då Bømlo fiskerihavn AS inviterte til festmarkering for den første salva til ny molo i Hovlandshagen. Festdagen vart stødig leia av Ruth Berny Lønning, dama bak ideen om fiskerihamn  på Bømlo. Framtida representert ved Henrik Kolbjørnsen (12) og Amine Kallevåg (10) fekk saman med ordførar Sammy Olsen og fylkesordførar Jon Askeland æra av å trykkje på detonatorknappen. Via videolink fekk gjestene med seg på storskjerm sprengingsarbeidet  i Hovlandshagen for landet største molo på 480 meter.

- Framtida ser bra ut

-Dette var veldig stort å få vere med på, om det kjentes litt rart å trykke på den knappen, seier Amine Kallevåg. Ho ser ikkje vekk i frå at ho i framtida vil jobbe nettopp i Bømlo fiskerihamn når ho vert stor. Ja, dette var kjekt. Framtida ser bra ut, for eg trur dei får det til, supplerte Henrik Kolbjørnsen. Både NRK og TVHaugaland filma seansen i Langevåg bygdatun.

- Me er vitne til eit unikt samarbeid mellom Bømlo kommune, Vestland fylkeskommune og lokalbefolkninga sør på Bømlo. No er også Karmsund Havn med på dette lagspelet, og me er alle utolmodige for å kome i gang, sa Lønning då ho drog dei historiske linjene og ideen ho lanserte i 2011 om fiskerihamn på Langevåg.

- Dette er ein historisk dag, og me kan trygt seie det er starten på eit nytt industrieventyr. Me vil få ei god og trygg havn for fiskeflåten og i bakkant av landets største molo vil me få stor industriutbygging for både oppdrett og villfanga fisk, eit stort lakseslakteri, eit pealgisk fiskerimottak og kanskje tilmed eit biogassanlegg. Dette vert viktig for generasjonar framover, å skapa arbeidsplassar når olje og gassen tek slutt. Så til ungdomen vår, framtida vår vil, eg seie - alt er mogleg om ein berre står på, understreka Vorland.

Fylket si største næringsinvestering

I Hovlandshagen er det allereie investert 750 millionar kroner før moloen er bygd. Vorland skisserte kva som er planlagt for den vidare fiskerihamnutbygginga ein ser for seg vil skapa nær 500 arbeidsplassar i fiskerihamna. Fylkesordførar Jon Askeland inntok podiet med "Sjå til Bømlo" - om det gjeld bygging av fylkesvegar, pilotprosjekt for vidaregåande utdanning eller på kulturfronten. Han meinte det same kan seiast for industribygging.

- Vestland fylkeskommune såg og greip moglegheitane då staten, ved samferdselsminister Knut Arild Hareide, tilbaud fylkeskommunane å overta ansvaret for fiskerihamnene. Dette har resultert i vår største investering på næringssida nokonsinne når me no går inn med 165 millionar kroner i Bømlo fiskerihavn. Dette er ein milepåle og merkedag både for Bømlo og Vestland fylkeskommune. Her gjer me kvarandre gode, sa Askeland og peika på at fiskerihamna i Hovlandshagen er resultatet av godt samarbeid mellom fylket, kommunen, Kystverket, Karmsund Havn og ikkje minst lokalt næringsliv.

- Me legg her til rette for landet si største og viktigaste næring i framtida ved å leggje til rette for ei framtidsretta fiskerihamn i vår region. Her har ein våga å tenkje stort og langsiktig, og med godt samarbeiod vil me lukkast, helsa direktør Torfinn Gaupås frå Karmsund Havn AS.

Sjøfartsdirektøær Knut Arild Hareide og ordførar Sammy Olsen drog også ulike historiske linjer i sine helsingar. Olsen minna på kampen ein hadde før ein fekk på plass ein molo i Øklandsvågen til 1,2 millionar kroner i 1970.

- Eg er veldig stolt over å få vera ordførar i Bømlo kommune, avrunda Sammy Olsen. 

Stolt var nok dei aller fleste som deltok på markeringa av det nye industrieventyret på Langevåg denne solrike fredagen i mars 2022.

Til toppen