Førsteklasses ved Meling skule

Måndag 16. august kunne rektor Katrine Hausberg ynskja 32 nye førsteklassingar velkomen til flunkande nye klasserom og nytt SFO-bygg på Meling skule. Anna i 1 A synest det er finast inne medan Hans i 1 B syns uteplassen er best – men begge syntes skulen og SFO-lokala er heilt førsteklasses.

kvinne med to barn på uteplass - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland  - Spennande og gøy, konstaterer Anna R. Alfsvåg i 1A etter første skuledag.

- Jo, da har vore veldig fint, samtykkjer Hans Østensen i 1B. Dei to bryt opp brettspelleiken sin for å bli med ut og ta bilete på den nye og flotte uteplassen.

- Her har me både store og flotte rom og garderobar. Fantastisk. Rett og slett ein draum, skryt SFO-leiar Veronica Stokkenes Knoop. Ho er ansvarleg for over 60 elevar frå 1.-4. klasse.

Nye klasserom

- Klasseromma er store, lyse, fine og med god akustikk. Uteplassen er kjempeflott, strålar kontaktlærar Lene Fossdal Gjøstein i 1B. Ho reknar med alle er misunnelege på dei no, legg ho spøkefullt til.

 - I tillegg har me gode grupperom, samt både fin- og grovgarderobar. Utruleg praktisk, legg kontaktlærar Mona Aga i 1A til.

- Me har lenge hatt det trangt, og er no veldig nøgd med nybygget og uteplassen. Både val av fargar og material, god plass og ikkje minst lyden i klasseromma. Det var også ei meir høgtidssam stund då førsteklassingane i tråd med ein lang tradisjon skreiv seg inn i vår protokoll, seier ei entusiastisk rektor Katrine Hausberg etter første skuledag.

Skulekrins i vekst

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund var med og helsa dei nye førsteklassingane og resten av elevane og tilsette ved Meling skule.

- Det var fantastisk å få ønskje dei 32 nye førsteklassingane på Meling skule velkomne til flunkande nye klasserom, ein unik SFO-base og eit flott, nytt uteområde. Me er heldige i Bømlo som har politikarar som er villige til å satse på barn og unge, seier Bjørklund.

Han legg til at gode fasilitetar inne og ute aukar trivsel for både born og vaksne. Då blir det også lettare å sikra at alle lærer og har det trygt og godt på skulen.

- I Bømloskulen skal alle kjenne at dei høyrer til i eit fellesskap og at det er bruk for dei ressursane kvar og ein har, understrekar kommunalsjefen.

Meling skulekrins er i sterk vekst og med sine 32 elevar har den flest førsteklassingar dette skuleåret i Bømlo kommune. Totalt var det 146 førsteklassingar som møtte til sin første skuledag denne måndagen.

Tal førsteklassingar for dei andre barneskulane er:

  • Svortland – 31
  • Moster – 23
  • Rubbestadneset – 22
  • Gilje - 13 
  • Hillestveit – 11
  • Våge – 8
  • Foldrøy - 6

 

Fakta Meling skule nybygg:

  • To byggjetrinn. Del 1 var ferdigstilt til skulestart. Del 2 blir ferdigstilt i oktober.
  • Total investeringsramme 28,4 mill kr.
  • Nybygg på totalt 560 m²
  • Ombyggingsdel (trinn 2) på totalt 280 m²
  • Klasserom på 70 m²
  • SFO på 105 m²
  • Arkitekt: Holon Arkitekter AS
  • Totalentreprenør: Dommersnes og Larsen.
  • Tekniske underleverandørar: Helle Elecon, Kjelsnes AS, Dale Entreprenør m.fl

Offisiell opning blir til hausten når båe byggjetrinn er ferdigstilte.

Til toppen