Grendautvala står saman

Alle grendautvala i Bømlo deltok på møte med ordførar og kommuneleiinga i den årlege samlinga i kommunestyresalen 29. mars. - Me ynskjer fleire slike samlingar i året, og me må heie på kvarandre, var eit innspel alle kunne samla seg om. 

Grendautvala presenterte status for arbeidet dei held på med og vart orientert om status for ulike kommunale planar. I 2021 starta Bømlo kommune med årlege samlingar for alle grendautvala. Sidan 2012 har det vore årlege dialogmøter med lag og organisasjonar. I år er dette møtet 18. april i kommunestyresalen. 

Viktige samarbeidspartar

Trafikksikring og trygg skuleveg, tilrettelegging for turløyper og tilflytting, ulike aktivitetar og arrangement er viktige stikkord for kva dei ulike grendautvala og bygda/krinslaga er opptekne av. Representantar frå Foldrøy, Espevær, Langevåg, Finnås, Moster, Gilje, Meling, Brandasund, Rolfsnes, Svortland og Rubbestadneset presenterte sine prosjekt og planar. 

- Grendautvala har mange viktige prosjekt, både små og store, i sine bygder og delsentra der kommunen er involvert på ein eller annan måte. Dei er viktige høyringsinstansar for kommunale planar. Målet med desse samlingane er å samla grendautvala så dei kan fortelje om sine prosjekt og lære og bli inspirert av kvarandre. Vidare å ha tett kontakt med kommuneleiinga og politisk nivå. Det er viktig at ein forstår kvarandre sine roller og slik blir gode samarbeidspartar for å finna dei beste løysingane, seier rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Lene Borgen Waage.

Ho peika på Bømlo Amcar-klubb sitt mekketilbod i Rubbestadneset som har gjort alt arbeidet og der kommunen berre kopla dei opp mot rette personar i fylkeskommunen for å starta dialog om lokale. Ofte er det ikkje meir som skal til for at initiativ og idèar ute i bygdene kan realiserast. Likevel er det mange ulike fasar for saman å gå frå idè til resultat. Til dømes å finna ut kven som er grunneigar, godkjenningar knytt til plan- og bygningslova, budsjett og finansiering og korleis ein skal løyse drift og vedlikehald. I kvart prosjekt vil ein då sjå kva grendautvala kan gjere sjølv, kva dei treng hjelp til og kven som kan bidra. Møtedeltakarane fekk diskutert dette og kva dei ynskjer rolla til kommunen skal vere. 

- Me må snakka kvarandre opp

- De gjer ein viktig og god jobb i og for bygdene. Å møtast slik for å bli orientert, finna ut av korleis me kan samarbeida, korleis melde frå om ting som til dømes veghol, og å plukka dei lågthengande fruktene gir energi og inspirasjon. Saman får me ting til å skje, understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

- Ting tar tid, og det er det viktig å ha forståing for. Me må snakka kvarandre opp og stå saman, slik heile kommunen stilte opp for å få til eit vellukka jubileum på Moster i 1995. Skal me få ei vellukka feiring av Moster 2024 må heile Bømlo igjen stå samla. De gjer ein flott innsats, sa ordførar Sammy Olsen då han runda av samlinga i kommunestyresalen.

Til toppen