Heidra veteranar og minnast dei falne

Det var mykje folk samla ved minnesmerket utanfor Bømlo kyrkje under markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai. FN-veteranane Erling Eide og Jan Harold Rydningen fekk overrekt forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar. Minnestunda vart leia av dyktige 9. klassingar frå Hillestveit skule og ordførar Sammy Olsen heldt appell. 

tre jenter med flaggborg og krans ved minnesmerke - Klikk for stort bileteElevar frå 9. klasse ved Hillestveit skule la ned krans og fortalde historia til dei falne som er på minnesmerket ved Bømlo kyrkje. Simon Knutsson Sortland

Under leiing av pensjonert rektor Kåre Bogetveit sørga skulekorpset for musikk til nasjonalsong og fedrelandsong. Bernt Emil Vika assisterte 9. klasseelevane frå Hillestveit skule som stod for kransenedlegging, flaggborg og å lesa historia til kvar av dei som er nemnt på minnesmerket. 

- De har sagt det meste som treng seiast. Eg er utruleg stolte av dykk, sa ordførar Sammy Olsen til elevane før han heldt sin appell for dagen. Han drog dei historiske linene frå vår lokale krisg- og flyktningehistorei for 80 år sidan til dagens situasjon der me står på mottakarsida for flyktningar. Særleg situasjonen i Ukraina, og alle som er komen hit.

 I krisetider krevst det meir av oss – som samfunn og enkeltindivid, understreka ordføraren.

Ordførarappell 8. mai 2023 (PDF, 83 kB)

Heidra for FN-teneste

Etter appellen fekk major Harald Gåsø, sjef for HV 09, 213, Sunnhordland heimevernsområde æra av å overrekkje forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar til FN-veteranane Erling Eide og Jan Harold Rydningen. Eide gjorde teneste i Gaza frå 1959 til 1960 og Rydningen i Kongo i 1963. Medaljen vart innstifta i 2000 og vert tildelt av Forsvarssjefen. Eit diplom følgjer også med.

- I dag heidrar me alle dei som med det norske flagget på skuldera har gjort ein innsats for landet vårt og fridomen. Dei har på vegne av Noreg og det internasjonale samfunnet bidrege til å skapa stabilitet og tryggleik i andre deler av verda, noko som samstundes bidreg til å trygga vår fridom her heime. Mange har ofra mykje, nokon har ofra alt. Me takkar for innsatsen, og erkjenner at fridomen ikkje er gratis, sa major Gåsø.

Til toppen