Innfører lading mot betaling

Alle Bømlo kommune sine elbilladarar er no skifta ut til «smarte» ladarar. Dei fleste ladarane er reservert kommunale tenestebilar, men nokre stader er det blitt opna for lading mot betaling.

elbilladar og skilt - Klikk for stort bileteKommunalt ladepunkt med høve for betaling. Simon Knutsson Sortland Den siste tida har Bømlo kommune installert nye elbil-ladarar for tenestebilar ved fleire kommunale bygg. Dei nye ladepunkta er i hovudsak reservert for tenestebilar, og vil ha tilgang via brikke-system. Overgang til kommunale elbilar, og dermed behovet for ladestasjonar, er ein del av vår klimapolitikk.

Nokre stadar har kommunen no opna for «lading mot betaling». Dette er i hovudsak meint som eit tilbod til tilsette/besøkjande som sporadisk treng lading. 

Kommunale ladepunkt der denne ordninga gjeld er:

- 2 stk ladarar ved Bømlo rådhus

- 6 stk ladarar ved Bremnes ungdomsskule og symjehall

- 2 stk ladarar ved Hillestveit skule

- 2 stk ladarar ved Moster Legesenter

Sats for lading er per dato satt til 4 kr/kWh.

Til toppen