Møte med byggjenæringa om framtida

Kva behov og ynskjer vil ulike aldersgrupper i befolkninga ha i bustadmarknaden i framtida? Korleis kan me møta desse utfordringane og endringane? Kva verkemidlar og moglegheitsrom finst?

Dette var sentrale tema då Bømlo kommune saman med Atheno delA byggforum og Husbanken inviterte byggjenæringa og andre aktuelle samarbeidspartar til frukostmøte i Moster amfi nyleg. Etter ei kort innleiing og velkomst ved kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte avdelingsdirektør Lån og tilskudd ved Husbanken Bjarte Bøe Alræk om deira økonomiske verkemidlar. Dette gjaldt både for å auka utbyggingstakta for ordinære bustadar til privatmarknaden og ulike former for private eller kommunale utleigebustadar.

- Det er allereie ei stor endring i kva dei eldre sjølv vil og kvar dei vil bu. Så kav vil me leggje til rette for, og korleis kan me byggja for framtida sine behov. Korleis skal me få utbyggjarane til å våge seg på nye og utradisjonelle løysingar, utfordra han.

- Må tilpassa oss endringane

- Utfordringa vår er demografiske endringar framover der det vert færre barn og fleire eldre. Det vil bli endringar i måten folk bur på, og i kva behov og ynskjer dei har, innleia kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Han peika på at dette vil medføra endringar i korleis tenesteapparatet til kommunen vert organisert.

- Me må tilpassa oss, og no er spørsmålet korleis me skal møte desse utfordringane. Difor er det viktig at me kjem saman og kan skapa eit godt samspel mellom offentlege og private utbyggjarar, sa kommunedirektøren.

- Eldre vil bu heime

Det er ei målsetjing i Bømlo kommune at flest mogleg skal kunne bu og klara seg sjølv lengst mogleg i eigen heim. Dette er også eit klart ynskje blant dei eldre sjølv ifølgje ei undersøking utført av Pensjonistforbundet i Bømlo.

- Folk ynskjer å bu i sine bygder så lenge som mogleg. Mange av våre eldre bur i hus frå 1950,-60 og -70 talet. For å kunne halde fram å bu i desse vert det særleg peika på fem ting som må vere på plass. Det er lett adkomst, innvendige tilpassingar, oppgradert el-anlegg, god isolering og varmepumper. Kva kan gjerast for å få dette til, utfordra Knut Harald Vik i Pensjonistforbundet.

- Trenden i dag er at 40-50 åringar byter frå større til mindre einebustadar, og dei vil ha god plass. Felta må vere nært eit delsentrum, det må leggjast til rette for godt bumiljø og trivsel, og kommunen må difor leggje til rette infrastruktur som straum og vatn, påpeika byggjebransjen.

Pensjonistforbundet vart utfordra til å arrangere eit møte der dei inviterer inn Husbanken til å fortelje om moglegheitar, kommuneoverlegen om generelle utfordringar og ergo-/fysioterapitenesta i kommunen om løysingar og hjelpemiddel.

Etter orienteringane og debatten var det synfaring ved omsorgsbustadane på Moster og på Dalaneset.

Sjå video om bustadar på Dalaneset

Til toppen