Nasjonal naudvarslingsteneste på mobil

Om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse vil du få eit varsel på mobiltelefonen din med kort og viktig informasjon som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut slike varsel. 

Onsdag 1. februar startar ein nasjonal befolkningskampanje om Nødvarsel på mobil. Det betyr at om noko skulle skje, så kan myndigheitene varsla deg der du er. Fleire andre europeiske land har god erfaring med å bruke denne teknologien for å varsla innbyggjarane sine om alvorlege farar som til dømes flaum, terroråtak og utslepp av kjemikal. Nødvarsel på mobil kan hjelpe til å redde liv og helse også her i Noreg. 

Lær meir om naudvarsel på mobil

Hald mobilen oppdatert

Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. Nødvarselet består av ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. For å fange merksemda di vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel skal du lese varselet og følgje rådet.

Nødvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Bømlo kommune har me ikkje tyfonvarsling for å be folk oppsøkje informasjon ved ei alvorleg hending. Under ei slik hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som til dømes på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

No vil eit nødvarsel bli sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan ta imot slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vere på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstilling du har på telefonen din. Om telefonen din stør tekst til tale, kan du også få varselet lese opp. 

Nødvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysningar om deg eller telefonen din. Du treng ikkje å registrere deg eller laste ned ein app for å motta nødvarsel, og det er heilt gratis. Det du må hugse på er å halde telefonen din oppdatert med nyaste programvare. På same måte som ein testar tyfonane kvart halvår, skal også Nødvarsel på mobil testast jamleg.

Til toppen