Sherpatrappene offisielt opna

Laurdag 11. desember 2021 var ein stor dag for turglade folk då første byggjesteg av sherpatrappene opp Siggjo vart offisielt opna av formann Nils Magne Helle i Bømlo turlag. Bømlo janitsjar spela opp før og etter snorklyppinga.

Ein flott vinterdag var ramma rundt opninga av sherpatrappene opp Sunnhordland sitt mest besøkte turmål Siggjo. Eit femtitals personar deltok på arrangementet der prosjektleiar Hein Råby Schaug og formann Nils Magne Helle i Bømlo turlag orienterte og takka alle bidragsytarar til prosjektet som har eit budsjett på vel tre millionar kroner. Det er Stibyggjaren AS med prosjektleiar Tore Opdal som har styrt bygginga.

- Håndplukka stein

Schaug kunne fortelje at steinen dei hadde fått levert frå Sveio var håndplukka, noko sherpaene frå Nepal meinte var avgjerande for at arbeidet gjekk kjappare og sikra god kvalitet. Han takka særskilt grunneigarane for god samarbeidsvilje og krava dei har stilt til infrastruktur. Dermed kom mellom anna parkeringsplass med toalett på plass i samarbeid med Friluftsrådet Vest og Bømlo kommune. Prosjektleiaren takka også alle gode medhjelparar og sponsorar for støtte i prosjektet som starta allereie hausten 2015. 

- I fjor registrerte den digitale teljaren over 59.000 besøkjande opp Siggjo. Etter sherpatrappene no er på plass kan me ifølgje Geir Vetti, "sherpatrappene sin far i Norge", rekna med ei fordobling av turgåarar. Det er me i Bømlo turlag særs nøgde med om skjer, for me har sidan oppstarten vår i 2011 vore med å auka besøkstala til Siggjo gjennom ulike aktivitetar som Topptrimmen, Bømlotrimmen, Telltur, Opptur og 7 1/2 fjellstur med meire opplyste Helle.

Før han fekk to av grunneigarane, Ola og Kåre Steinsland, til å halda snora han skulle klyppa poengterte turlagsformannen at planlegginga av neste byggjetrinn allereie er starta. Noko dei sjølvsagt ynskjer støtte til frå gode medhjelparar.

informasjonsplakat om stiprosjekt - Klikk for stort bileteFakta om Stiprosjektet Siggjo Simon Knutsson Sortland Stiprosjekt Siggjo

Prosjektgruppe: Hein Råby Schaug (leiar), Turid Stokke, Asbjørn Mæland, Tore Fjellstad og Kjell Steinar Knutsen

Takk også til:

  • Ståle og Torbjørn Erstad som tynna ut og rydda skog i traseen.
  • Vassbakk & Stol for steinleveransar
  • Airlift Kvinnherad for helikoptertenester
  • Bømlo folkehøgskule for innkvartering av nepalesarane
  • Bømlo brann og redning for tørking av stropper
Til toppen