Stor skuledag på Hillestveit

- Eg har mista sju tenner, kunne ein 1. klassing ved Hillestveit skule fortelja ein sjokkert ordførar på første skuledag hausten 2022.

mann helsar på gut i folkemengde - Klikk for stort bileteOrdførar Sammy Olsen blir sjokkert når ein av dei nye 1. klassingane på Hillestveit skule avslører at han har mista sju tenner. Simon Knutsson Sortland  Måndag 15. august vart ein merkedag for dei tre jentene og åtte gutane som hadde sin aller første skuledag på Hillestveit skule og møte med både ordførar, kommunalsjef, rektor og lærarar. Spente, krye og litt nervøse troppa dei opp med sine nye ranslar og ei trygg hand å halda i. Totalt byrja 146 nye 1. klassingar i våre åtte skular med barnetrinn i dag. Totalt i grunnskulen vår er det dette skuleåret 1689 elevar.

- Fantastisk flott

- Velkomen til første skuledag, og som de ser har me flagget til topps og besøk av ordførar og sjefen min, helsa konstituert rektor Torunn Tveita dei elleve nye førsteklassingane med foreldre utanfor skulegården på Langevåg.

- Det er stor stas for meg å få sjå og møta dåke som skal starta i 1. klasse. Det er lenge sidan eg byrja på skulen, men eg hugsar dagen veldig godt. Det kjem de og til å gjere. Eg er viss på at de vil få det fantastisk flott her, sa ordførar Sammy Olsen før han fortalde kort om kjede han bar rundt halsen. Ordføraren handhelsa på alle dei frammøtte, men vart lettare sjokkert då ein av elevane kunne fortelja at han hadde mista sju tenner.

Deretter fekk alle elevane setja frå seg tinga sine i garderoben med eigne namneskilt før Tveita saman med lærar Signe Dørheim og Stine Kristensen overtok med presentasjonar og høgtlesing. Dei nye førsteklassingane fekk så vitjing av fadrane sine frå 6. klasse, som saman med lærar Åsmund Nesse leia an i fellessangen om Kaptein Sabeltann.

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund var og glad for endeleg å få sjå denne flotte 1. klassen, og kunne fortelja at alle lærarane gledde seg veldig til skuleåret. Han oppmoda foreldra til eit tett og godt samarbeid mellom skule og heim, og minna særleg om den viktigaste oppgåva til kommunen: «Alle born i Bømlo skal kjenna at dei høyrer til, og at det er bruk for dei».

- Me er klar over at problem vil oppstå, og då er det viktig at de tek det opp med oss. Me gjer så godt me kan i Bømlo-skulen, supplerte ordføraren.

Velkomen til nytt arbeidsår

Før møtet med elevane deltok Olsen og Bjørklund på morgonmøtet til personalet. Tveita presenterte storparten av staben som tel ca. 30 personar. Elevtalet dette skuleåret er ca. 140 fordelt på 1.-10. trinn.

- Eg er ikkje nøgd med den fysiske stoda til skulen eller bassenget, men me jobbar med dette skulebygget og tek skule for skule, understreka ordføraren. Han var glad for etter to år å endeleg kunne vere med og ynskje lærarstaben velkomen til eit nytt arbeidsår.

Han minna på at skulen har gått gjennom mange reformar og opplevd stor utvikling. Det er viktig at skuletida ikkje vert eit eksperiment for elevane. – Som gamal blokkfløytelærar veit eg at ikkje alle må lære å spele blokkfløyte. Eg er og glad for at det er nokre mannlege lærarar her. Me har gjort mykje bra i skulen, men me har og lært at ikkje alle elevar er lagd for teori, påpeika ordførar Olsen.

Til toppen