Storslagent jubileumsprogram for Moster2024

Barn og unge er hovudmålgruppe for 1000-årsjubileet Moster2024 "feira fortid - forma framtid". Dette ber også det storslagne jubileumsprogrammet som vart presentert måndag 23. januar preg av. Det blir mellom anna festkonsert i regi av kulturskulane i Sunnhordland, ei barneførestelling og ein flott konsert med Bømlo TenSing under jubileumsdagane 29. mai til 2. juni 2024.  

gruppe av kvinner og menn oppstilt til fotografering - Klikk for stort bileteSentrale personar bak programmet for feiringa av Moster 2024 samla til programslepp i Moster amfi 23. januar. Frå venstre styreleiar Per Bjørn Habbestad, dagleg leiar Else Aanensen, kantor Øystein Lund Olafsen, Gerd Nancy Notland, Knut Magne Totland, Knut Martens, Stein Høyland, prost Svein Arne Theodorsen, Nina Sele og Runa Våge Krukhaug. Simon Knutsson Sortland

Programkomiteen legg opp til ein storslagen fest der både sang, musikk, dans, teater og visuell kunst vil kasta glans over jubileet. Det vil også gjelde under den økumeniske festgudstenesta der både Moster gamle kyrkje, amfiet og ein storskjerm på Tora Mostrastong-plenen vert teken i bruk. Prost Svein Arne Theodorsen har ikkje invitert Paven, men trur likevel dei vil få synt fram dei verdiane rettsstaten vår er tufta på. Det kunstneriske står vår allsidige kantor Øystein Lund Olafsen ansvarleg for. Han lovar at lokale krefter vil stå sentralt i det kunstnariske opplegget.

Program for jubileumsveka Moster2024

Nasjonalt og lokalt

- KORK (kringkastingsorkesteret) stiller saman med ein nasjonal artist på festkonserten 31. mai. NRK vil truleg laga eit program i samband med dette, opplyser dagleg leiar Elsa Aanensen. Ho hadde ikkje fått stadfesta bookinga og kunne dermed ikkje fortelje kva kjende artist som kjem. KORK deltek også på den storstilte jubileumsfeiringa der 300 gjester frå det offisielle Norge og andre viktige personar er inviterte.

- Me inviterer alle kulturskulane i Sunnhordland til til å bidra til ein festkonsert der musikken er skriven av vår eigen tilsette Vebjørn Sæter med tekst av Solfrid Sivertsen og Mike McGurk. Det blir vel 100 aktørar som bidreg med musikk, kor, dans og teater, opplyser rektor Stein Høyland i Bømlo kulturskule. Dei jobbar også med å få til ei kunstutstilling i samband med jubileumsdagane.

- På grensen til lovsang er eit konsept me trur vil slå godt an, seier Olafsen. Her vil ein talkshowvert av litt format leia programmet der Bømlo Gospel blir sentral og der publikum vert invitert på allsang. I tillegg jobbar Bømlo TenSing med eit spanande konsept for sin konsert torsdag 30. mai. Olafsen legg til at det vert ei barneførestelling som er meint å engasjere 1.-7. klassingane der Soul children blir med. Her blir det sang, dans og premiere på ein musikkvideo.

Attersyn med Kristkongane

Komponist Kjell Habbestad som står for musikken til Kristkongane på Moster har komponert ei musikkstykke Mostrasuite for kor og ensemble. Styreleiar Per Bjørn Habbestad synte til den sterke mannskortradisjonen i Sunnhordland og at dei har fått Roald Sangolt til å ta på seg leiinga av eit kor på 100-120 mann. Her vert det også eit samarbeid med Bømlo Teater.

- Mostrasuite er konsertversjonen av det opprinnelege mostraspelet. Me gler oss til å visa fram dei kjende og kjære hovudkarakterane frå Kristkongane på Moster i litt andre valørar enn me er vant med, fortel Nina Sele og Runa Våge Krukhaug i Bømlo Teater. Her vil også KORK vere med. Dei er begge glad for å vere med å bidra til jubileet, men også at dei her får laga noko som vil stå seg i lang tid framover. Ikkje minst vil det bli framsyningar av "I slik ei natt" søndag 2. juni.

- Mostratinget og Mostrating ung vil setje søkjelyset på det jubileet eigentleg dreier seg om - verdisamtalen. Me skal feire fortida og forma framtida. Kva verdiar fekk me med kristenretten, og kva verdiar vil me ta med oss vidare i forminga av framtida vår. Her vonar me på opne og engasjerande prosessar, inviterar Theodorsen.

Yrande maritim aktivitet

- Seglskuta Christian Radich og framtidsbåten Vision of the fjords er ytterpunkta av alle fartya me har invitert til å prega det yrande maritime miljøet me ynskjer å skapa i Moster under jubileet. Me reknar å kunne gå tørrskodd over hamna slik dei gjorde under jubileet i 1924, opplyste ein engasjert Knut Magne Totland frå styringsgruppa. Kongeskipet vert ein sjølvskriven gjest, men om du kjem med robåt er det også kjempeflott.

- Stien opp til Vetahaugen skal lyssetjast og sikrast. Det vert eit friluftsområde og trygg utkikksplass frå krossen som vart reist under 900-årsjubileet, fortalde Gerd Nancy Notland og Knut Martens frå Grendautvalet på Moster. Dei meiner minnesmerket no vil få sin rettmessige plass og skina slik det var meint då kong Håkon var der i 1924.

- Me gler oss til å presentera nye Moster amfi med oppgradert scene og sceneområde. Førebels er det på skisse- og prospektplanstadiet, men nytt bygg og ny utstilling "Frå maktstat til rettsstat" vil stå klart til jubileet, seier dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster Amfi.

1000-årsjubileet kort oppsummert

I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Moster i Bømlo kommune, på Mostratinget, sett av Olav Haraldsson (den Heilage) og Bisp Grimkjell i år 1024.  

Innføringa av kristenretten var starten på ei omfattande og radikal samfunnsomvelting - «frå maktsamfunn til rettssamfunn» og markerte byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og rettsvern for individet. Det var her statsdanningsprosessen for Noreg starta og me feirar difor dette som eit nasjonalt lovjubileum.

Bømlo kommune og Vestland fylke har oppretta eit jubileumsselskap - Moster 2024 AS -  som skal ivareta planlegging og gjennomføring av feiringa av 1000-årsjubileet. 1000-årsjubileet er i tillegg finansiert av statlege løyvingar.

Moster 2024 skal setja lys på verdigrunnlaget som blei lagt for nasjonen Noreg med utgangpunkt i hendinga i 1024. Verdiar som landet i dag framleis er bygd på, og som det gjennom jubileet skal skapast auka medvit kring. Gjennom 1000-årsjubileet vil ein sjå på Noregs verdigrunnlag i moderne kontekst, og oppnå brei merksemd og refleksjon kring tematikken. Med historia som fundament, set ein samtida sitt verdisett under lupa, og drøftar korleis framtida best kan formast - "feire fortid - forme framtid".

1000-årsjubileet har barn og unge som hovudmålgruppe. Det vil vere fokus på medverknad, dialog og aktivitetar som hovudmålgruppa sjølv langt på veg er med å legge premissa for. 

Les meir om jubileet Moster2024 

 

Til toppen