Straumstøtte til hushaldingane

Regjeringa har innført ein straumstøtteordning som skal hjelpa hushaldingar med å handtera ekstraordinære straumprisar. Ordninga gjeld straumforbruk frå og med desember 2021 til og med mars 2023. 

Les meir om ordninga her.

Bømlo kommune har den siste tida mottatt mange førespurnader om straumstøtteordninga frå hytte- og bustadeigarar. Kommunen har ingen ting med straumstøtteordninga å gjera. Firma som gjev straumstøtte brukar bygningsopplysningar i matrikkelen for å finna ut om du har rett på straumstøtte.

Følgjande registreringar i matrikkelen gjev ikkje rett til kompensasjon:

162 Heilårsbustad brukt som fritidsbustad

163 Våningshus brukt som fritidsbustad

 

Du har rett til støtte

Administrerande direktør i interesseorganisasjonen Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF) har tolka reglane slik at dersom du skal få straumstøtte for hytta, må den vera registrert som primærbustad eller sekundærbustad. 

Les artikkelen her.  

NVE har stadfesta at ein kan få kompensasjon for alle bustader ein eig.

Matrikkelen definerer likevel ikkje kva som er din primærbustad eller sekundærbustad.

Les kva skatteetaten seier om sekundærbustad

Kven kan få straumstøtte

Dersom du har ein eigedom som i matrikkelen er registrert som eit av punkta under kan du få støtta dersom du først krev ei retting i matrikkelen:

162 Heilårsbustad brukt som fritidsbustad

163 Våningshus brukt som fritidsbustad

Eigedomar som er bygd og registrert som fritidsbustader/hytter er ikkje omfatta av ordninga, og kan ikkje krevjast retta i matrikkelen.

Retting i matrikkelen

Dersom bygningen din i utgangspunktet er godkjent som bustad etter plan og bygningslova, kan du sende kravet om retting av matrikkelen til postmottak@bomlo.kommune.no.

Dette vil føra til at du kan motta straumstøtte.

Krav om retting i matrikkelen (PDF, 217 kB)

Konsekvensar:

Kravet ditt om retting i matrikkelen kan medføra at du framtidig kan få endring i offentlege avgifter, i grunnlaget for eigedomsskatt og anna. Det vil heller ikkje vera kurant å fremja ytterlegare krav om retting av bygningskode etter endring er gjort. Ny endring i matrikkelen må i så fall skje via vanleg søknad om bruksendring etter plan- og bygningslova.

Bruksendring

Kommunen gjev ikkje løyve til bruksendring frå fritidsbustad til bustad i område som er regulert til fritidsbusetnad. Ligg fritidsbustaden i eit bustadområde kan det vera mogleg å søkja om bruksendring. Ta kontakt med eit firma som kan hjelpa deg med dette.

Her kan du sjekka kva eigedomen din er registrert som i matrikkelen

Kven skal du kontakta

Dersom du har ein eigedom du meiner kjem inn under ordninga må du ta kontakt med nettleverandør. Dei veit også korleis din eigedom er registrert.
 

Kontaktinformasjon Bømlo kraftnett

Til toppen