Takkar bømlingane for innsatsen

Ordførar Sammy Olsen takkar innbyggjarane, og særleg skuleelevane våre, for den fantastiske innsatsen dei la for dagen under TV-aksjonen 2021 til inntekt for Plan International med tema "Barn, ikke brud" sundag 24. oktober. Totalt kom det inn over 1,1 millionar kroner på Bømlo.

- Eg vil takka alle som har gitt sien bidrag, alle bøsseberarane og dei som har lagt ned tid og dugnad for å oppnå dette fantastiske resultatet. Særleg vil eg retta stor takk til skuleelevane våre som gjorde ein kjempeinnsast med innsamlinga. Som bestefar er eg og stolt over at barnebarna mine kan fortelje meg om kva pengane går til, at dei grunna det gode undervisningsopplegget i skulen forstår kva dette handlar om. Takk alle saman, seier ordføraren.

Sjå videohelsinga frå ordføraren

Her ser du resultata frå TV-aksjonen 2021

resultatopplisting - Klikk for stort bilete resultatopplisting - Klikk for stort bilete 

Til toppen