Vil få fleire unge med i fritidsaktivitetar i Bømlo

Ungdomen utfordra dei vaksne då frivillige, næringsliv, kommunalt tilsette og politikarar møttest til ALLEMED-dugnad.

Sjå video frå Allemed-dugnaden på Facebook 

Referat ALLEMED-dugnad 25.11.21 (PDF, 218 kB)

Torsdag var det idédugnad på rådhuset. Dugnaden vart til på oppfordring frå «ALLEMED», ein nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge. ALLEMED jobbar med å leggja til rette for ein felles samtale om utanforskap og inkludering av barn og unge i fritidsaktivitetar som skal leie til konkrete løysingar. Erika Wollner er prosjektleiar og leia Bømlingane gjennom programmet: "Her i Bømlo har me samla beslutningstakarar, tilbydarar og målgruppa sjølv, representert gjennom tilsette i kommunen, frivillige lag og organisasjonar, ungdommar og lokalt næringsliv. Det gir eit godt utgangspunkt for dialog og samarbeid på tvers."

Det er no over 80 kommunar som har gjennomført slike Alle med-dugnadar med vekt på å få fram både det ein er stolt av, kva fritidsaktivitetane betyr for barn og unge sin kvardag, korleis ein kan fange opp om det er nokon som ikkje har høve til å delta og synleggjering av konkrete prosjekt ein kan samarbeida om framover for å få alle med.

Ungdommen i Bømlo er del av nasjonalt pilotprosjekt

Det nye i haust er at barn og unge har fått ei tydelegare stemme inn i dugnadane. Bømlo har vore ei av fem ungdomsprosjekt, der ein har gjennomført eigne dugnadar med ungdommane. Tidlegare i haust vart deltaking i fritidsaktivitetar sett på agendaen i ungdomsrådet i ein eigen dugnad, leia av ungdommane Eirik Nitter, Selma Meling, Mats Rissmann-Bredesen og Lina Eide. På torsdag løfta dei fram det ungdommane meinte var det viktigaste for å få alle med: Betre transportløysingar, byttekveldar for utstyr, gode vaksenleiarar og trenarar og ei vidareføring av fritidskortet. Mats Rissmann-Bredesen syns det var kjekt å få presentera resultatet frå ungdomsdugnaden: «Det var eit veldig bra opplegg, og kjekt at dei vaksne får sjå kva me driv med i "Alle med". Til og med ordføraren var her og var med på det me sa. Det var mykje engasjement, og eg har trua på at det kan skje noko fordi dei vaksne støttar oss og har lyst til å hjelpa oss.»

Konkretisering av prosjekt på fleire frontar

Transport viste seg raskt å vera noko alle gruppene på dugnaden meinte det var viktig å jobbe med. Både samkøyringsapp med arbeidstittelen «tommelen», samarbeid med drosjenæringa og førarlause bussar vart løfta fram som løysingar ein må jobbe vidare med. Ein milepel i dette arbeidet vil vera Skyss sitt dialogmøte med kommunen om kollektivtransport på nyåret.

Nyleg har Bømlo lansert www.aktivitetforalle.no i samarbeid med Stord og Fitjar. Deltakarane var opptekne av at det er viktig å synleggjera kva aktivitetar som er gratis å delta på, ha informasjon på ulike språk, famne aktivitetar for alle aldrar og inkludera arrangement. Rådgivar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo kommune, Lene Borgen Waage, var glad for innspela: «Me står midt oppe i utvikling og lansering av aktivitetforalle.no. Innspela frå i kveld går rett inn i utviklinga av portalen og kan følgjast opp i nær framtid».

Med fritidskortet såg også fleire av gruppene at det kunne vera mogleg å få til ein felleskontingent på tvers av fleire lag og organisasjonar som gjer det enklare å velje fleire aktivitetar, utan å måtte melde seg ut og inn av organisasjonar.

Men korleis fangar ein opp dei som ikkje deltek? Dette var det fleire av gruppene som peikte på – Skulen og lærarane vart løfta fram som viktige. Ei løysing som vart løfta fram var ein ressursbank som kan gjera det enklare for lag og organisasjonar å inkludera barn og unge med verktøy for korleis dei skal få ein god start eller kontaktpunkt for å få knytt kontakt med dei rette i kommunen for å få god tilrettelegging.

Konkrete prosjekt, men også starten på plan for kultur, idrett og frivilligheit

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Bjørn Håvard Bjørklund, avslutta dugnaden med å gi honnør til Alle med og Erika Wollner: «Prosjekta me har diskutert her i kveld vil kunne gjera ei forskjell for barn og unge i kommunen vår framover». Kommunalsjefen nytta vidare høvet til å peike framover til arbeidet med ny kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit: «Politikarane har vore klare på at me skal laga ein kommunedelplan som famnar om meir enn dei kommunale tenestene innanfor kultur. Då blir samarbeidet med frivilligheita og arbeidet med å få alle med i fritidsaktivitetar ein naturleg del av dette arbeidet. Diskusjonane her i kveld har vore eit godt startpunkt for dette».  

Til toppen