Her finn du personvernerklæring for elektroniske skjema
Kommunedirektøren i Bømlo kommune er ansvarleg for kommunen si handsaming av personopplysningar. Det daglege ansvaret er delegert til Bømlo kommune sine verksemdsleiarar.
Kva er personopplysningar?
Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til ein identifiserbar enkeltperson. Vurderingar som er gjort av ein person er også personopplysningar.
Kvifor handsamar vi personopplysningar?
Bømlo kommune handsamar personopplysningar for å levere tenester i kommunen. Kva formål opplysningane vert nytta til er avhengig av kva tenester kommunen leverer til deg.
Kvar hentar vi opplysningar frå?
- Frå deg sjølv, når du kontaktar oss, eller søkjer om/brukar ei teneste.
- Frå eigne tilsette, til dømes elevvurdering, diagnose frå lege.
- Frå andre instansar, til dømes Folkeregisteret.
Kva er det rettslege grunnlaget?
For å kunne levere lovpålagde oppgåver har vi i mange tilfelle heimel i lov eller forskrift til å handsame dine personopplysningar.
Dersom vi ikkje har heimel i lov eller forskrift vert opplysningane handsama på bakgrunn av samtykke frå deg. Det er då frivillig å gje personopplysningar til kommunen. Dersom du vel å ikkje gje personopplysningar, kan du i nokre tilfelle missa retten til hjelp frå kommunen sine forvaltningsorgan.
Blir opplysningane utlevert til tredjepartar?
Bømlo kommune vil berre utlevere opplysningar til tredjepartar når kommunen har lovfesta plikt til å gjere det.
Dersom dokument registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem inneheld personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, vil opplysningane vera tilgjengelege for alle via Bømlo Kommune sine nettsider.
Kva rettar har du?
Du kan utøve dine rettar ved å sende e-post til postmottak@bomlo.kommune.no eller ved å kontakte vår personvernombod. Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.
Kravet ditt vil i utgangspunktet bli handsama kostnadsfritt, men vi kan krevje rimeleg administrasjonsgebyr ved fleire kopiar, overdriving eller grunnlause innsynskrav.
Du har rett til informasjon om:
- Kva opplysningar kommunen har om deg
- Kvar opplysningane er henta frå
- Kva opplysningane skal nyttast til
- Om opplysningane er utlevert til andre og eventuelt kven
I nokre tilfelle er det lovfesta unntak frå innsynsretten, for eksempel ved lovfesta teieplikt. Dersom kommunen nektar deg innsyn skal du ha skriftleg grunngjeving, der det også vert vist kva heimel som gir grunnlag for å nekte deg innsyn.
Les meir om retten til innsyn på Datatilsynet sine nettsider
Me rettar av eige tiltak opplysningar som vi meiner er mangelfulle eller feil. Oppdagar du at Bømlo kommune har registrert feil opplysningar om deg, at opplysningane er utdaterte eller ufullstendige, har du rett til å få desse retta.
Dersom opplysningane er henta frå andre offentlege aktørar, må du kontakte desse for å få opplysningane retta.
Les meir om retten til retting på Datatilsynet sine nettsider
Den enkelte kan via BrukarID oppdatere eigen kontaktinformasjon i nasjonalt kontaktregister.
Les meir om korleis du oppdaterer kontaktinformasjon her.
Gje melding til Bømlo kommune dersom du ønskjer å bli sletta som brukar. (Link).
Kva vert registrert når du brukar nettsida vår?
Me målar trafikk på nettsida vår via klient-side (via eit javascript/Siteimprove). Når du besøker Bømlo kommune si nettside tek me vare på noko informasjon, som; IP-adresse, kva slags nettlesar og operativsystem du nyttar, kva sider på nettsida du besøker, kva side du kom frå då du gjekk inn på nettsida, osv.
Føremålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet betre tilgjengeleg.
Bømlo kommune nyttar informasjonskapslar for å analysere det generelle brukarmønsteret på nettsida vår. Data me samlar inn på denne måten berre vert nytta for statistiske føremål, vedlikehald og utvikling.
Samtykke til bruk av informasjonskapslar er gitt så lenge innstillingane i nettlesaren er sett til å godta informasjonskapslar og det finnes informasjon om bruk av disse på nettsida. Du kan hindre at informasjonskapslar vert lagra på datamaskinen ved å endre innstillingane i nettlesaren.
Meir informasjon om framgangsmåten finn du på nettsidene til nettvett.no.
Slik administrer du informasjonskapsler - Nettvett.no
På kommunen si nettside har me lenker til andre nettstadar, organisasjonar og verksemder.
Me gjer merksam på at Bømlo kommune sine retningsliner for personvern ikkje omfattar desse nettstadane.
Dei aktuelle nettstadane vil ha eigne retningsliner som ein bør setje seg inn i.
Kontakt med kommunen via e-post og eDialog
Bruk av e-post gjev ikkje tilfredsstillande tryggleik for personopplysningar. E-post bør derfor berre nyttast til enkle spørsmål.
Bømlo kommune ber om at førespurnadar med sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter ikkje vert sendt via e-post, men via sikker innsending av dokumentsida e-dialog.
Via e-dialog kan du sende post til Bømlo kommune på ein sikker måte.
Her loggar du deg på med ID porten (MinID, BankID m.m.) og data vert overført kryptert.
Les meir om/send via eDialog her
Personvernombod
Kjetil Odin Johnsen er personvernombod for Bømlo kommune. Du kan ta kontakt med personvernombodet dersom du har spørsmål om kommunen si lagring av personopplysningar eller personvern.
Send epost
Telefon: 952 16 433