Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for fritidsbustader – Grindheimsvågen, 14/21 m.fl., PlanID 202401

Detaljreguleringsplan for fritidsbustader – Grindheimsvågen, 14/21 m.fl., PlanID 202401 er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 18.08.2025

Kart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet.

Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for vidare utbygging av fritidsbustader, med tilhøyrande småbåtanlegg, tilkomst og parkering. Etter oppstartsmøtet vart planområdet utvida til å omfatte tilgrensande tilkomstveg, bustadareal og hamneområde i nord. Det samla planområdet utgjer om lag 17 dekar. Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanen for fritids- og bustadområde, og det vart avklart i oppstartsmøtet at tiltaket ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar.

Det er utval for areal og samferdsel som har gjort vedtak om at framlegg til detaljreguleringsplan for fritidsbustader – Grindheimsvågen, 14/21 m.fl., PlanID 202401 skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte den 06.06.2025 i sak PS 30/25. 

 

Frist for å komma med merknadar til planframlegget er sett til 18.08.2025. 

Gje merknad/innspel til planen (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes 

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no