Utsnitt av planavgrensingaDet er ABO plan & arkitektur AS som har varsla oppstart av detaljregulering for Klovøya, gnr./bnr. 98/2, Planid: 202502 på vegne av tiltakshavar Stian S. Alvsvåg.
Ønska utvikling av området er dels i strid med arealformål i gjeldande KPA, og oppstart vart handsama som politisk prinsippsak. Utval for areal og samferdsel gjorde vedtak om at det kunne varslast oppstart av planarbeidet i møte den 07.05.2025 i sak PS 22/25.
Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for fritidsbustader ved sjø, I sør vil ein trekke fritidsbustadane vekk i frå sjøkanten grunna terrenget på staden og strandsoneomsyn. I nordleg del er det ønskje om å leggje til rette for fritidsbustader for utleige, samt bubilparkering. Det vil òg planleggjast for felles småbåtanlegg/kai tilhøyrande fritidsbustadane, samt ein offentleg tilgjengeleg tursti som knyt dei to utbyggingsområda saman. I nordleg del vil det òg planleggjast for friluftsområde og badeplass, samt felles aktivitetsområde med m.a. leikeplass og volleyballbane, som vil vera tilgjengeleg for ålmenta. Dei to utbyggingsområda vil ha behov for kvar sin tilkomst i frå Sæverudsøyvegen, med tilhøyrande parkering.
Det er krav til konsekvensutgreiing, utan planprogram, etter konsekvensutgreiingsforskrifta §8.
Bømlo kommune er i gong med rullering av kommuneplanen sin arealdel, og skal gjennomføre ein planvask for å løyse motsegner frå Statsforvaltaren i Vestland. Som del av dette arbeidet kan planvask få konsekvensar for utbyggingsområda omfatta av planområdet.
Frist for å komma med innspel er sett til 20.06.2025.
Eventuelle innspel skal sendast: