Universell utforming av IKT i Bømlo kommune

Alle våre IKT-løysingar, både for innbyggjarane og tilsette, skal vere universelt utforma (uu). Det betyr at alle skal kunne bruke løysingane. Her kan du lesa meir om kvifor og kven dette gjeld.

Nødvendig for nokon - betre for alle

Universell utforming er heilt nødvendig for enkelte grupper. Ein god IKT-løysing må ta høgde for mangfaldet blant oss. Ein bonus av å sikra at alle kan bruka løysingen er at den blir betre å bruka for alle.

For menneske med funksjonsvariasjon kan det bli svært vanskeleg eller umogleg å bruka ei nettløysing dersom den ikkje er universelt utforma. Dette gjeld blant andre menneske med :

  • nedsatt høyrsel
  • nedsatt syn
  • dysleksi
  • nedsatt motorikk og fingerfølsomhet
  • kognitive vanskar

Denne gruppa er større enn folk flest gjerne trur;  ca. 20% av befolkninga.

Ein bonus ved å følgja lovkrav og prinsipp for universell utforming av IKT er at nettsider, IKT-løysingar og appar blir meir brukervennlege for alle, også for eldre, personar med anna morsmål enn norsk, deg som har gløymd lesebrillene, skal lese på ein skjerm i sterkt sollys eller har dårleg tid når du skal kjøpe ein billett. Universelt utforma løysingar for tilsette vil også fremja mangfald og gi meir effektive tilsette.

Lenkjer

DIFI - universell utforming på to minuttar
Tilsynet for universell utforming IKT

Lover

Forskrift om offentlege anskaffingar §15
Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT) - løysingar
Likestilling og diskrimineringslova

Spørsmål eller kommentarar vedrørande uu-arbeidet med IKT-løysingar i Bømlo kommune rettast til Webredaktør.

Kontakt om UU-spørsmål

Til toppen