Her kjem nokre praktiske råd om kva du kan gjere for å testa løysinga di.
Her finn du verktøy for uu-testing av nettstaden din
Prøv også Lighthouse - ei utviding som ligg automatisk inne i nettlesaren Chrome (venstreklikk på nettsiden, velg «inspiser» og så finn du Lighthouse i menyen øverst).
Gjer tastaturtesten
Legg musa til side. Gå gjennom heile løysinga og gjer vanlege oppgåver kun ved å bruka tastaturet. Det skal vera mogleg å nå og aktivere alle klikkbare element kun ved hjelp av tab, piltastar, Enter og mellomromstasten.
Dette er spesielt viktig å teste for skjema og skjemafelt. Brot på dette medfører ofte kritiske feil, fordi dei som ikkje kan bruka mus ikkje kan bruka løysinga i det heile tatt.
Sjekk kontrastnivået
Du kan bruka dette verktøyet: Color Contrast Analyser (CCA), engelsk) eller tilsvarande. Denne testen er rask og enkel og viser kvar på sida kontrastforholdet ikkje er godt nok.
Sjekk om koden validerer
God kodekvalitet med riktig bruk av html er et godt grunnlag for å unngå feil som skapar problem for enkelte grupper.
Test løysinga di med W3C sin kodevalidator.
Ver merksam på at eit høgt tal feil her kan komma av at samme feil går igjen fleire stedar på nettstaden.
Test med skjermleser
Den einaste måten å vera heilt sikker på at løysinga verkar for synshemma er å testa løysinga i bruk ved hjelp av skjermlesar. Du kan bruka Narrator (Innebygd i Windows OS), NVDA (gratis open source), Jaws (mest brukt for profesjonell bruk) eller Voiceover for iOS. Skal løysinga brukast for skular bør du testa med ChromeVox (Chromebook’s innebygde skjermlesar).
Hugs også å testa på mobil. Då kan du bruka Voiceover, som er Apple sin innebygde skjermlesar. Dette er den mest brukte blant menneske med synsnedsettingar. Har du ein Android telefon, kan du testa med den innebygde skjermlesaren Talkback.
Brukartesting
Er løysinga testa på ekte menneske? Dette vil gi dei aller beste svara på korleis løysinga er i bruk og kva som kan forbetrast. Det er lurt å ta med brukarar med funksjonsvariasjon, fordi det gjerne er dei som utfordrar løysingane mest på brukervenlegheit og universell utforming. Verkar løyringa for denne gruppa. vil den sannsynlegvis fungera godt for alle. Ta difor desse behova med frå starten av!
Sjekklister
Dokumenta under, som er utarbeidd av Bergen kommune, kan du bruka som verktøy når du testar om løysinga di oppfyller krav til universell utforming:
xlsxTestmal universell utforming (XLSX, 38 kB)
xlsxMal for uu-testing med kakediagram - WCAG 2.1 (XLSX, 52 kB)