Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet skal arbeide for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for menneske med nedsett funksjonsevne.

portrett av mann - Klikk for stort bileteSvein Fylkesnes er leiar i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Simon Knutsson Sortland

Rådet skal medverke til at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til tenester og informasjon som er nødvendig for å kunne fungere best mogleg i kvardagen.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har 5 medlemer, 2 politiske representantar og 3 valde etter innspel frå brukarorganisasjonar.  Møta er opne for publikum, men kan bli lukka etter vedtak med heimel i lov. Svein Fylkesnes er leiar med Kathrine Hopen Ådnanes som nestleiar for perioden 2023-2027.

Send e-post til leiar Svein Fylkesnes    

Møtekalender og utvalsmedlemer

Til toppen