Tingrettane er første nivået i domstolssystemet i Noreg. I straffesaker blir tingretten til vanleg sett med éin fagdommar og to meddommarar.
I sivile saker blir tingretten til vanleg sett med éin fagdommar. I nokre tilfelle blir retten sett med to eller fire meddommarar, eller med fagkunnige meddommarar.
Lagmannsretten er det andre nivået i det norske domstolssystemet. Denne retten er ankedomstol i både straffesaker og sivile saker. I straffesaker blir lagmannsretten sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
I nokre sakstypar blir retten sett med berre tre fagdommarar. I sivile saker deltar som regel berre tre fagdommarar, men i nokre sakstypar (t.d. barnevernssaker) skal det vere med meddommarar. I andre saker kan det, dersom partane ønskjer det, vere med anten to eller fire meddommarar.
Du kan lesa meir om rettssystemet på nettsidene for meddommarar