Utval for areal og samferdsle

Utvalet har på kommunestyret sine vegne det folkevalde styringsansvaret innanfor sine fagområde og skal sjå til at;
•    oppgåvene vert løyste på ein effektiv og god måte
•    løyvde midlar vert nytta i samsvar med føremålet
•    det er etablert gode rapporteringsrutinar

portrettfoto av Aslaug Skimmeland Huse i Høgre - Klikk for stort bileteAslaug Skimmeland Huse (H). Simon Knutsson Sortland Utvalet har sju medlemer med Aslaug Skimmeland Huse (Høgre) som leiar og Asbjørn A. Sætre (Partiet de kristne) som nestleiar. 

Utval for areal og samferdsel har avgjerds- og innstillingsrett innanfor følgjande saksområde: 

•    veg, vatn, avlaup og renovasjon
•    byggjesaker
•    kart og oppmåling
•    brann og oljevern
•    reguleringsplanar
•    arealplanlegging
•    trafikksikring

Møtekalender og valde medlemer i Utval for areal og samferdsle

Til toppen