I garasje, i utvendig bod, båthus eller liknande kan det for personleg bruk oppbevarast inntil 90 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 50 liter brannfarleg væske, sjå § 6 annet ledd.
I serveringsstad, i overnattingsstad og i forsamlingslokale er det ikkje lov å oppbevara brannfarleg gass kategori 1 og 2, med mindre særskilte tiltak er sett i verk, sjå § 6 tredje ledd.
Kva særskilte sikringstiltak som må setjast i verk vil måtte vurderast i kvart enkelt tilfelle, med utgongspunkt i risikovurdering som skal utarbeidast. Eksempel på særskilte tiltak er oppbevaring av gass i nisje (sjå Temaveiledning om bruk av farlig stoff-del 1, Forbruksanlegg for flytende og gassformig brensel, pkt. 15.2.4.3).
Eventuelle andre særskilte tiltak bør gi ein like god eller betre tryggleik enn nisjeløysinga det er opplyst om. Dette innberer i praksis at gassen i dei aller fleste serveringsstader, overnattingsstader og forsamlingslokale må oppbevarast ute, med fast røyropplegg til eventuelle forbruksapparat.