Bestilling av plan- bygg og eigedomsinformasjonMe kan senda deg informasjon, kartgrunnlag, føresegner, naboliste med meir. Dette kan vera nyttig når du til dømes skal søkja om til dømes bygging, eigedomsdeling og utslepp.Bestill plan-, bygg- og eigedomsinformasjon her (PDF, 391 kB)Ved innsending av bestillingsskjema:Ved bestilling av planinformasjon for eigedomen din legg ved kart, teikning/skisse og/eller skildring av tiltaket.finn eigedomen din på kommunekartet ved å leggja inn gards- og bruksnummer eller adresse.ferdig utfylt bestillingsskjema kan du senda inn via e-post, per post eller du kan levera inn skjema hos oss i teknisk kundetorg.Send inn bestillinga via e-post her Post- og besøksadresse: Bømlo Kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BremnesDersom noko er uklårt i samband med utfylling av skjema, kan du tinga time med sakshandsamar, eller ringa sentralbordet på 53 42 30 00 og velja tasteval for Byggjesaksavdeling, mellom klokka 12:30 og 14:30.Når me har mottatt bestillingskjema vil du få tilsendt relevant informasjon. Du kan og bestille plan- bygg og eigedomsinformasjon på følgjande sider som har eigne prisar:Norkart e-torgAmbita InfolandProconet eplassen Sist endra 20.03.2026 12:43