Kven kan søkja?
Den som eig tomta kan søkja om deling. Dersom det er flere eigarar må alle skriva under på søknaden. Andre kan søkja dersom dei har fullmakt frå eigar. Ei fullmakt må vera original eller stadfesta rett kopi.
Ved dødsbu må kopi av skifteattesten følgja søknaden, og underskrifta må vera i samsvar med attesten.
Når eit firma er eigar, må søknaden underskrivast av den eller dei som har fullmakt ifølgje firmaattesten. Attesten må ikkje vera eldre enn eitt år.
Kva får du?
Du kan få oppretta ein ny sjølvstendig eigedom/tomt med eige gardsnummer og bruksnummer
Du kan få overført arealet til ein annan eigedom (tilleggsareal ved arealoverføring)
Du kan også få oppretta festetomt over 10 år, anleggseigedom eller eit jordsameige
Du får målt opp og merkja den nye eigedomsgrensa, og får sett ned offentlege grensemerkjer
Den nye eigedomen og grensene blir registrert i matrikkelen (eigedomsregisteret) og blir tinglyst
Du får tilsendt matrikkelbrev
Før du søkjer:
- Undersøk om delinga er i strid med reguleringsplanen for området eller kommuneplanen sin arealdel. Gjeldande planar finn du i planarkivet vårt.
- Finn ut om du har eller treng avtalar om vegrett, vass- eller avlaupsledningar som går over eigen eigedom eller andre sine eigedomar
Planarkivet i Bømlo
Når du sender inn søknad om tiltak til oss skal det liggja ved ein situasjonsplan som viser til storleiken på tiltaket.
I høve frådeling (oppretting av ny grunneigedom) og arealoverføring er det følgjande krav til innhald i ein situasjonsplan:
- Situasjonskartet skal vera datert, og visa dagens situasjon.
- Det skal innehalda gards- og bruksnummer for eigedomen søknaden gjeld.
- Gjeld søknaden arealoverføring skal gards- og bruksnummer for alle eigedomane som er involvert førast på.
- Det skal ha ein målestokk på minst 1:500, A4 ark.
- Gjeld det frådeling av heile store landbrukseigedomar så godtek me at situasjonsplanen er i ein annan målestokk slik at heile eigedomen kjem med på A4 arket.
- Eigedomsgrenser og høgdekurver må førast på.
- Marker gjeldande areal med ein annan farge slik at det kjem tydelig fram på situasjonsplanen kva areal det er snakk om. Dette gjeld båe frådeling og arealoverføring.
- Storleiken på arealet må førast på i samsvar med det som er nemnd i søknaden.
- Næraste avstand til midtlinje til offentleg veg.
- Tilkomst til eigedomen.
- Søkjer du om avkøyrsleløyve i same søknad som frådeling eller arealoverføring må du visa at avkøyrsla skal utformast i tråd med reglane for gjeldande veg du skal ha avkøyrsla frå; privat, kommunal eller fylkesveg.
- Vatn/avlaupsleidningar. Gjeld søknad om frådeling av byggjetomt må du visa til næraste tilknytningspunkt for vatn og avlaupsleidningar. Førehandsmelding frå BVA skal leggjast med.
- Om du skal dela i frå eller arealoverføra nær sjø er det viktig at du fører på avstand til sjø for å visa at du er i samsvar med delegrensa som er fastsett i reguleringsplan/kommuneplan.
Kvar kan du få tak i naboliste?
Du kan bestilla naboliste fleire stadar
Kven skal du varsla?
- Du må varsla alle eigarane og festehavarane av nabo- og tverrbuareigedomar.
- naboeigedom er dei som grensar direkte til eigedomen din.
- tverrbuareigedom er eigedomar som ikkje grensar direkte til eigedomen din, men som er skilt med veg, gong- og sykkelsti, elv eller anna areal.
- Er det fleire eigarar av ein eigedom? Då må alle få eige varsel.
- Du må varsla sjølv om naboeigedomen er ubebygd. Du treng ikkje varsla leietakarar eller leigebuarar.
- Er naboen eit sameige eller burettslag med styre? Då må du varsla styre, men du treng ikkje varsla dei som bur i sameiget ellet burettslaget.
- Er nabo ein kommunal eigedom, må du varsla kommunen.
- Ver merksam på at om du skal riva noko må du varsla kreditorar og andre som har pant i eigedomen.
- Dersom fleire blir rørt av tiltaket, kan me i kommunen krevja at desse og skal få nabovarsel.
Kva skal nabovarselet innehalda?
- Ei skildring av kva du har tenkt å gjera. Du må vera så tydeleg at naboar og tverrbuarar kan vurdera kva tiltaket vil ha å seia for dei.
- Den same dokumentasjonen som ligg ved søknaden. Det du opplyser om i nabovarselet er kopi av det du har ført inn i hovudsøknadsskjema, teikningar og situasjonskart.
- Dersom tiltaket krev dispensasjon så skal dette opplysast om i nabovarselet. Legg ved kopi av dispensasjonssøknaden.
- Du må gje ein frist for når og korleis du vil motta eventuelle merknadar frå naboane og tverrbarane. Fristen må vera på minst 14 dagar etter at nabovarselet er sendt.
Me rår til at du fyller ut hovudsøknadsskjemaet for tiltaket og nabovarslingsskjemaet samtidig. Det er då enklare å få oversikta på kva du må opplysa om i nabovarselet.
Slik varslar du naboar og tverrbuar
Alt. 1 - Personleg overlevering. Om du leverar nabovarselet på døra, kan naboen signera med ein gong på at dei har motteke varselet. Om naboen ikkje har innvendingar, kan dei samstundes signera på at dei samtykkar til byggjeplanane.
Alt. 2 - Senda på e-post eller sms. Varselet er berre gyldig om mottaker stadfestar at varsel er motteke, og automatisk svar held ikkje. Både kopi av utsendt e-post eller sms med tilhøyrande svar skal sendast kommunen som kvittering.
Alt. 3- Senda rekommandert. Få posten til å kvittera for kven du har varsla, og svarfristen byrjar å gå frå datoen på kvitteringa. Naboen treng ikkje svara.
Alt.4 - Senda digitalt via AltInn. Svarfristen byrjar å gå frå datoen du sender varselet. Naboen treng ikkje svara.
Du har sendt ut nabovarselet, kva no?
Vent 14 dagar. Du må venae i 14 dagar før du sender søknaden til oss. Dette er fordi naboane skal få tid til å setja seg inn i planane dine, og kunne koma med merknader. Du slepp å venta dersom alle naboane har stadfesta at dei samtykkjer til tiltaket.
- Ingen merknadar frå naboen? Då kan du senda inn søknaden til oss. Legg ved kvitteringane som viser at alle naboane og tverrbuarane har blitt varsla, og ein kopi av nabovarselet med alle vedlegg. Har du nabovarsla via Altinn held det med kvittering på at du har sendt varselet.
- Har nokre gitt merknader? Vurder ut frå merknadene om du bør:
- endra tiltaket og varsla alle naboane og tverrbuarane på nytt.
- senda inn søknaden slik den er, med alle merknadar, samt ditt svar til kvar enkelt merknad.
Avtale om rettar skal følgja med søknaden. Desse kan på aktuelt tidspunkt tinglysast.
Søk elektronisk om oppretting og oppmåling av ny grunneigedom
Søk om oppretting av ny eigedom på blankettskjema
Bestill oppmålingsforretning på blankettskjema
Anna dokumentasjon som kan vera relevant:
Den nye eigedomen treng kanskje ny avkøyrsle eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsle til offentleg veg.
Søk om ny eller endra avkøyrsle
Det er tilknytingspunktet til den offentlege vegen som vert rekna som avkjørsla - forbindelsen mellom byggetomta og offentlig veg. Dette gjeld og der privat veg møter offentlig veg.
Kommunal veg
Søknad om avkøyrsle til kommunal veg blir behandla av kommunen.
Slik søkjer du
Send ein kort beskrivelse og søknad til Bømlo kommune på e-post: postmottak@bomlo.kommune.no.
Dokumentasjon til søknaden
- Situasjonskart som viser avkøyrsle, eigedom(bygg) og kommunal veg. Målestokk 1:1000 eller 1:500.
- Oppgje opplysningar du meinar kan ha noko å seia for søknaden
- Skildring av avkøyrsla
Riks- og fylkesveg
Søknad om avkøyrsle til riks- og fylkesvegar vert behandla av Statens vegvesen som har ansvar for desse vegane.
Søk om avkøyrsle
Vurdering av søknad
Søknad om avkøyrsle blir vurdert med utgangspunkt i trafikktryggleik og vegen sin funksjon (kva skal du bruka vegen til). I regulerte område kan det være begrensingar på bruken av areal og kan bli aktuelt med behandles avkøyrselsøknad som mindre vesentlig reguleringsendring. I uregulerte områder behandles avkjørselsøknad etter Veglovens § 40.
Statens vegvesens Håndbok N100 inneholder regler for veier som bør være avkjørselsfrie og veier som kan ha avkjørsler.
Nyttig tips!
Søk om endra eller ny avkøyring før søknaden om frådeling vert levert inn. Me kan ikkje godkjenna søknaden din om frådeling før søknaden din om avkøyring er behandla og godkjent.
Krev søknaden din dispensasjon så kan du lesa meir om det her.
Søknaden med vedlegg sender du til:
Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES
Gebyr finn du her