Korleis kan du sjekka kor eigedomsgrensa går?
Er du i tvil om kor eigedomsgrensa er? Me kan hjelpa deg å finna den.
Dersom grensa er oppmålt tidlegare kan me ved hjelp av landmålingsutstyr visa deg grensene. Om du ynskjer det set me ut nye grensemerkjer i terrenget.
Me kan og hjelpa å rekonstruera gamle grenser som ikkje er koordinatbestemt tidlegare. Dette kan vera grenser som er skildra i ein gamal skylddelingforretning eller jordskiftesak.
Korleis søkjer du?
Fyll ut søknadsskjema om grensepåvisning
Kva kostar det?
Her finn du gebyr oversikt (7.4.1 - 7.4.4)