Ny arealdel under arbeid

Her kan du følgja og medverka til arbeidet vårt med ny arealdel.

For at kommuneplanen sin arealdel (KPA) skal vera eit godt styringsdokument for utviklinga av kommunen vår, skal den fornyast med jamne mellomrom. Ein viktig del av dette arbeidet er at innbyggjarar, næringsdrivande og grunneigerar i kommunen får vera med å bidra under vegs i arbeidet.

Me skal informera om arbeidet med kommuneplanen via lokalavisa og på vår eiga nettsida. Me har også ansvar for å rettleia og formidla arbeidet på ein forståeleg måte for at du skal kunne granska dei vurderingane og prioriteringane som kommunen har gjort i prosessen.

Du kan påverka

Du kan uttala deg skriftleg i løpet av prosessen, både i oppstarten og under høyring og offentleg ettersyn av framlegg til plan. 

Planen har vore på høyring fram til 01.05.2024.  Det er såpass mange/store endringar i planen som følge av innkomne merknadar og motsegner at planen må ut på ei ny høyring. Vedtak om dette er planlagt i formannskapsmøtet 03.09.2026. 

NB: Når planen er lagt ut til offentleg høyring, kan du komme med dine merknadar her:

  • Digitalt merknadsskjema
  • Send epost - Merk med: Merknad KPA, gårdsnr./bruksnr.
  • Per post til: Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes - Merk med: Merknad KPA, gårdsnr./bruksnr.