Barn og unges helseteneste

Både barn, ungdom, pårørande og fagfolk kan oppleve systemet av hjelpeinstansar som forvirrande. For at me skal få eit betre hjelpetilbod, treng både brukaren og fagfolk å forstå de ulike tenestene og deira roller og ansvarsområder.

Barn og unges helsetenester er eit samhandlingsprosjekt, starta i regi av Helse Fonna, for å gje deg som føresett eller fagperson oversikt over helsetenestenetilbodet for psykisk helsearbeid for barn og unge i kvar enkelt kommune. På nettstaden til Helse Fonna finn du eit verktøy som er bygd på same modell som BTI, som inneheld sju ulike samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste helseplagene. Kvart forløp fungerar som eit kart over tenestene våre og gjer oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.

Målet er at barn og ungdom skal få rett hjelp hos rett teneste og at tiltaka frå ulike tenester heng saman som eit heilskapleg tilbod for barn, ungdom og familien det gjeld.

Barn og unges helseteneste.no

Til toppen