Tenesteomtale
Kommunane har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigsler i Noreg.
Vigselstilbodet i Bømlo kommune
Det er mogeleg å verta vigde på virkedagar mellom kl. 09.00 - 15.00
Ordførar, varaordførar eller kommunedirektør er dei som har mynde til å vie par i Bømlo kommune.
Kommunestyresalen på rådhuset nyttast som lokale og her kan me laga plass til omlag 80 personar.
Sakshandsamingstid hjå oss er 14 dagar, du vil få skriftleg svar.
Tilbodet er gratis.
Kva de må gjera:
1. Søk om prøvingsattest, som er dokumentet ein skriv under på under seremonien, det søker de om hjå Skatteetaten her: Her kan du søke om prøvingsattest- erklæring frå brudefolket. Sakshansamingstida deira er på to til tre veker så det er lurt å vera ute i god tid. På Skatteetaten si side vil de finna mykje god informasjon: veien til ekteskapet - steg for steg
2. Bestill time til borgarleg vigsel hjå Bømlo kommune, det kan de gjera her: Bestill borgarleg vigsel.
3. Om alt er i orden, skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap og denne attesten er gyldig i fire månader. For at Bømlo kommune skal kunna vigsla dykk, lyt de sende prøvingsattesten til oss i god tid før den store dagen, og den lyt vera gyldig i tidsrommet for vigsla.
Korleis blir seremonien?
- Kommunen stiller med blomeoppsats og levande lys, om brureparet ynskjer noko meir lyt dei syta for dette sjølve.
- Om brureparet ynskjer å ha innslag med til dømes dikt og musikk under seremonien lagar me rom for dette.
- I seremonien les vigslaren opp Det borgarlege vigslingsformularet
- Det skal vera to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.
Ta kontakt på telefon 53 42 30 00 ved spørsmål
Vigselsattest
Kommunen sender vigselmelding til folkeregisteret innan tre dagar etter vigsel. De vil motta ein kopi som midlertidig vigselattest. Den endelege attesten vil de motta i posten frå folkeregisteret.
Lovar og reglar