Jordmortenesta

Jordmor tilbyr deg og din partner informasjon og kunnskap om svangerskap, fødsel og det å bli foreldre. Me undersøkjer om svangerskapet går som normalt, og tilviser deg til spesialisthelsetenesta dersom det er behov for det. Jordmor samarbeider med helsesjukepleiar og familierettleiar på helsestasjonen. Fastlegen din er også ein naturleg samarbeidspartner. 

Me har teieplikt og tenesta er gratis.


Kvar finn du oss?

Helsestasjonen på Bremnes, 2. etg.
Kyrkjegardsvegen 20, 5430 Bremnes

Bestill time

For å bestille time hjå jordmor kan du ringe oss på telefon: 53 42 33 37
Telefonen er open kvardagar kl. 08:30 - 11:30 og 12:30-14:30.

eller send ein e-post til jordmødrene med namnet ditt og telefonnummer, så ringer me deg for å avtale time.


For øyeblikkeleg hjelp 

 Ring 116 117 Sunnhordland interkommunale legevakt 

 Etter 24. svangerskapsveke, ta kontakt med fødeavdelinga ved ditt lokale sjukehus: 


Tilbodet hos jordmor
Forutan vanlege svangerskapskonsultasjonar tilbyr me:

  • ein individuell samtale om fødsel med jordmor.
  • ein individuell samtale om ammestart.
  • heimebesøk av jordmor ca. 3-4 dagar etter heimreise frå sjukehuset. 

Du kan lese meir om innhaldet og kva du kan forventa i konsultasjonane hos jordmor på helsenorge.no  

Me nyttar i tillegg Stine Sofie Stiftelsen sin foreldrepakke med 10 smarte tips til alle småbarnsforeldre i samtalane på helsestasjonen. Last gjerne ned appen «10 smarte tips».


Barselgrupper
Helsestasjonen har eit frivillig tilbod om barselgrupper. Dei som ønsker å vera med i barselgruppe møter andre med termin same månad ein gong før fødsel, og to gonger etter fødselen. Dersom du går til jordmor på helsestasjonen vil du få ein innkalling i HelseNorge.

På barselgruppetreffa vil du møte familierettleiar, helsesjukepleiar og jordmor. Målet med barselgruppene er at du og din partner skal bli kjent med andre foreldre, samt at det er ein god arena for å dele erfaringar rundt det å bli foreldre.


Familieplanlegging og prevensjon
Jordmor på helsestasjonen har kompetanse og kunnskap om familieplanlegging, og me tilbyr ein individuell samtale om prevensjon dersom du har behov for det etter fødselen.

Du kan få resept av jordmor på det prevensjonsmiddelet som passar deg og din livssituasjon. Jordmor tilbyr også innsetjing av hormonspiral og p-stav på helsestasjonen dersom du ønsker det. Det tilkjem ein eigenandel på innsetjing av spiral.

6-vekers kontroll etter fødselen vil foregå hos fastlegen din.

 

Jordmor
Åse Østensen  
Telefon: 53 42 33 37
Mobil: 976 16 243

Send epost

Jordmor
Kristin Hallson  
Telefon: 53 42 33 37
Mobil: 405 09 939

Send epost

POST TIL JORDMORTENESTA

Elektronisk post til Jordmortenesta frå andre helseforetak via HER-Id 89413 

Elektronisk post frå andre instansar eller privatpersonal via eDialog: Kontakt oss - Bømlo kommune
Hugs merk sendinga med “Helsestasjon - Jordmortenesta”

Postadresse
Bremnes Helsestasjon, jordmortenesta
Leirdalen 1 
5430 Bremnes