Rask psykisk helsehjelpRask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis korttidstilbod for alle over 16 år som bur i kommunen som ynskjer hjelp med lettare former for angst, mild og moderat depresjon, begynnande rusutfordringar og søvnvanskar. Sommaren 2025 vil det vera begrensa kapasitet i vekene 26-32 (23. juni til 8. august). Dette inneber at det kan gå lenger enn 2 veker frå søknad til første telefonkontakt. Tilbodet skal hjelpa den enkelte med å endra tankemønster og åtferd som skapa utfordringar i kvardagen. Du søkjer om tilbodet via vegvisaren merka med 1 under. Me tilbyr vegleia sjølvhjelp (digitale behandlingsprogram), undervisningsgruppe/kurs, gruppebehandling og individuell behandling. Tilboda er hovudsakleg basert på kognitiv terapi, og tek sikte på at du skal læra deg teknikkar for å handtera vanskelege kjensler på ein meir hensiktsmessig måte. Tilboda i RPHMålsetjinga for RPH er blant anna at du får kome til raskt, men det kan likevel oppstå venting. For at du skal nyttiggjere deg av tilbodet må du vera motivert, vera klar for å jobba med utfordringane du har, og ha eit ynskje om og kapasitet til å ta aktiv del i din eigen behandlingsprosess. Tilbodet passar for deg som:har kjent deg trist og nedstemthar angst i sosiale situasjonaropplev ofte panikkanfallopplev å stresse mykje i kvardagenslit med grubling og bekymring ynskjer å utforska og eventuelt endre dine rusvanarMe veit at depresjon og angst er ein vanleg årsak til sjukefråvær og redusert livskvalitet. I slike tilfelle er det lurt å oppsøkja hjelp tidleg, slik at problema ikkje får utvikla seg. Tilbodet passar ikkje for deg som:treng langvarig oppfølging/behandlinghar alvorleg grad av; angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusvanskar.har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tidikkje er motivert for å vera aktiv i behandlingsprosessenEr du i behov av akutt hjelp grunna akutt krise, suicidale tankar eller alvorleg psykisk liding må du ta kontakt med fastlege, legevakt (tlf 116117) eller medisinsk naudnummer (tlf 113). Lurer du på noko?Teamleiar Marie Røsvik HaldorsenE-post: marie.rosvik.haldorsen@bomlo.kommune.no Sist endra 03.06.2025 09:39