Rask psykisk helsehjelpRask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis korttidstilbod for alle over 16 år som bur i kommunen som ynskjer hjelp med lettare former for angst, mild og moderat depresjon, begynnande rusutfordringar og søvnvanskar. Tilbodet skal hjelpa den enkelte med å endra tankemønster og åtferd som skapa utfordringar i kvardagen. Me tilbyr vegleia sjølvhjelp, undervisningsgruppe/kurs, gruppebehandling og individuell behandling. Tilboda er hovudsakleg basert på kognitiv terapi, og tek sikte på at du skal læra teknikkar for å handtera vanskelege kjensler på ein meir hensiktsmessig måte. Målsetjinga med RPH er at du får kome til raskt, men det kan oppstå venting. For at du skal nyttiggjere deg av tilbodet må du vera motivert, klar for å jobba med utfordringane du har og at du tek aktivt del i behandlingsprosessen. Tilbodet passa for deg som:har kjent deg trist og nedstemthar angst i sosiale situasjonaropplev ofte panikkanfallopplev å stresse mykje i kvardagenslit med grubling og bekymring ynskjer å utforska og eventuelt endre dine rusvanar Me veit at depresjon og angst er ein vanleg årsak til sjukefråvær og redusert livskvalitet. I slike tilfelle er det lurt å oppsøkja hjelp tidleg, slik at problema ikkje får utvikla seg. Tilbodet passa ikkje for deg som:treng langvarig oppfølging/behandlinghar alvorleg grad av angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusvanskar.har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tidikkje er motivert for å vera aktiv i behandlingsprosessen Er du i behov av akutt hjelp grunna akutt krise, suicidale tankar eller alvorleg psykisk liding må du ta kontakt med fastlege, legevakt (tlf 116117) eller medisinsk naudnummer (tlf 113). Lurar du på noko?Teamleiar:Marie Røsvik HaldorsenE-post: marie.rosvik.haldorsen@bomlo.kommune.no Sist endra 26.08.2024 16:51