Følgjeprov

Følgjeprov også kalla ledsagerbevis er for personar som treng å ha med seg følgje for å delta på kultur- og fritidstilbod.

Kven kan få følgjeprov?

Barn og unge på Bømlo med bistandsbehov kan søkja til Barne- og familietenesta for å få tildelt følgjeprov.
Bistandsbehovet må normalt vera av minst 2-3 års varighet.

Kor kan følgjeprovet brukast?

Beviset kan brukast ved alle plassar og arrangement som har akseptert denne ordninga over heile landet. Arrangørar og plassar som akseptere ordninga markere dette med det offentlege symbolet for følgjekort/ ledsager ved inngang/ luke og liknande. Følgjeprovet er personleg og er med bilde. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.

Kva kostar det?

Følgjeprov er gratis. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgeprov vert akseptert.
 

Følgjeprov/ledsagarbevis no digitalt! 

Du kan no få følgjeprov/ledsagerbevis frå Bømlo kommune digitalt. Då har du beviset enkelt tilgjengeleg på mobilen, anten i appen eller på nett. Ønskjer du eit fysisk bevis, søkjer du gjennom den same løysinga.

På lenkja under finn du meir informasjon og link til søknadsskjema i AltInn. Velg Bømlo kommune og søk direkte.

Klikk her for å søkje om digitalt følgjeprov/ledsagarbevis

 

Kontakt oss:

Gro Marita Våge Tulloch 
Mobil: 468 92 130
Send e-post

Åse Rolfsnes Sjursen
Mobil: 474 84 726
send epost

Sebastian Bjerche
Mobil: 948 09 359
Send e-post