Fritidskontakt

Ein fritidskontakt også kalla støttekontakt hjelper deg som treng tilrettelegging for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.

Kva er ein fritidskontakt:

Fritidskontakten skal vera med å leggja til rette for at brukaren:

  • Kan delta i ulike fritidsaktivitetar/ tilbod
  • Får utvida det sosiale nettverket sitt
  • Få støtte på eigne premiss og oppleva meistring

Kven kan søkja:

Barn og unge som har behov for fritidskontakt på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale vanskar.
For å få ein fritidskontakt må du ha eit behov som er av ein slik art at den det gjeld har rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen. Ein må vera busett i Bømlo kommune.

Kva kostar det:

Det er gratis å motta fritidskontakt men barn og unge som mottar fritidskontakt må sjølve dekka sine utgifter til den aktuelle aktiviteten.

Dersom du er avhengig av eit følgje kan du ha rett på følgjeprov, då kan fritidskontakten din få gratis inngong til enkelte aktivitetar.

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Skjema for søknad om fritidskontakt og følgjeprov (PDF, 375 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Barne- og familietenesta
Sosiale tenester barn og unge
Leirdalen 1
5430 Bremnes

Kontakt oss:

Postadresse: Sosiale tenester barn og unge, 
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 BREMNES

 

Gro Marita Våge Tulloch 
Mobil: 468 92 130
epost:gmv@bomlo.kommune.no

Cecilia Rodrigues Thormodsæter
Mobil: 470 39 912
epost: cecilia.thormodsaeter@bomlo.kommune.no

Julie Teige 
Mobil: 948 09 359
epost: julie.teige@bomlo.kommune.no



Timeliste for fritidskontakt - barn og unge (PDF, 1005 kB)
 

Til toppen