Omsorgsstønad

Omsorgsstønad tidlegare omsorgsløn, kan bli gitt til deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn og unge med stort pleiebehov.


Kven kan søkja om omsorgsstønad:

  • Du må ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid over tid.
  • Omsorgsarbeidet må gå føre seg i eigen heim.
  • Målet er at familien kan fortsetje å ha omsorga for sin nærmaste.

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som gir ei godtgjersle for nokre av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeidet i heimen. Kommunen legg til grunn berre oppgåver som blir rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester når me vurdere om du skal få omsorgsstønad. Det vil seie oppgåver som kommunen måtte ha utført, om ikkje du hadde gjort det.

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema for omsorgsstønad  (PDF, 375 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Barne- og familietenesta
Sosiale tenester barn og unge
Leirdalen 1
5430 Bremnes

Kontakt oss:

Postadresse
Sosiale tenester barn og unge, 
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 BREMNES

 

Gro Marita Våge Tulloch 
Mobil: 468 92 130
epost:gmv@bomlo.kommune.no

Julie Teige 
Mobil: 948 09 359
epost: julie.teige@bomlo.kommune.no

Cecilia Rodrigues Thormodsæter
Mobil: 470 39 912
epost: cecilia.thormodsaeter@bomlo.kommune.no

Til toppen