Ungdomskontakten

Ungdomskontakten er ei oppsøkande teneste for ungdom i alderen 12–23 år og deira føresette.

Ungdomskontakten tilbyr støtte, rettleiing og samtalar til ungdom som opplever utfordringar knytt til psykisk helse, rus, gambling, speleavhengigheit, fritid, utanforskap eller kriminalitet. Målet er å bidra til meistring, trivsel og positiv utvikling i kvardagen.

Ungdomskontakten møter ungdom der dei er, og arbeider aktivt for å byggja relasjonar og skapa trygge arenaer for samtale og oppfølging.

Ungdom, føresette og samarbeidspartnarar kan ta direkte kontakt med ungdomskontakten for råd, rettleiing eller oppfølging.


Vil du koma i kontakt med oss?
Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt – me er her for deg!
 

Ungdomskontaktar i Bømlo kommune

 

Marianne Lidal
Mobil: 918 80 750
send e-post til 

 

Marianne Undheim
Mobil: 975 976 18
send e-post til

 

Jane Helen Habbestad
Mobil: 474 92 907
send e-post til

Du kan og melde saka inn skriftleg via dette kontaktskjemaet (PDF, 2 MB) til Psykisk helseteam for barn og unge, som ungdomskontakten er ein del av.  

Me har og ein eigen Snapkonto, følg oss: 

Snap: ungdomskontaktb