Foreldrebetaling i barnehage

Makspris for ein barnehageplass vert fastsett av Stortinget. Frå 1.januar 2021 er prisen 3230,- per månad. Denne prisen gjeld både kommunale og private barnehagar. Kostpengar kan koma i tillegg. 

Det finst ulike ordningar som skal sikra at alle barn, uavhengig av inntekt, skal kunna gå i barnehagen. For å få redusert foreldrebetaling må du søkja til kommunen som treng dokumentasjon på inntekta til hushaldet. Ein må søkja på nytt for kvart barnehageår. Du søkjer ved å logga deg inn i  Vigilo  Rettleiing finn du her: Rettleiing - søke redusert foreldrebetaling

Moderasjonsordningar:

Søskenmoderasjon

Dersom du har fleire enn eitt barn i barnehagen i same kommune, skal kommunen sørga for at du får reduksjon i forledrebetalinga. Dette vert kalla søskenmoderasjon. Retten til søskenmoderasjon gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar eller med barnehagar med forskjellige eigarar.

Reduksjon for barn nr. to er 30% og for barn nummer tre og oppover er 50%. 

Har du låg inntekt?

Det finnast to ordningar for familiar eller hushald med låg inntekt:

1. Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga

Dersom maksprisen i barnehage overstig meir enn 6% av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha redusert pris.

2. Gratis kjernetid

Dersom den samla inntekta til hushaldet overstig kr. 566 100,- har 2,3,4,5-åringar rett på gratis kjernetid. Frå 1.august 2021 er denne grensa sett til 583 650 kr.

Kommunen refunderer inntektstapet til barnehagane der foreldre har fått redusert foreldrebetaling.

Dokumentasjon og søknadsprosess

Hushald

Som hushald reknar ein ektefeller, registrerte partnarar, og sambuarar. Som samburarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som har budd samen i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste månadane, eller har felles barn.

Føresette som søkjer må bu på same adresse som barnet (folkeregistrert adresse). Bur barnet fast hjå begge foreldra, vert innekt berekna etter den forelderen som har same folkeregistrert adresse som barnet. 

Dokumentasjon på inntekt

Du må dokumentera inntekta til hushaldet. Dette gjer du med å leggja ved kopi av siste års skattemelding For å søkje reduksjon i foreldrebetaling for barnehageåret 2021—2022 må du vente med å søkje til du har motteke skattemelding for 2020 i april. Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring I hushaldet, arbeidsløyse o.l), så må ein ha anna relevant dokumentasjon. 

Det kan vera:

  • Dei tre siste lønsslippane frå arbeidsgjevar
  • Vedtak frå NAV om sosialstønad o.l.
  • Vedtak om gyldig opphaldstillatng
  • Studentbevis eller stadfesting på studier

Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris og ev krav om tillbakebetaling. Vedtaket gjeld frå månaden etter kommunen har motteke søknaden og rett dokumentasjon. 

Få meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Til toppen