Hovudopptak - lovfesta rett til barnehageplass

Etter barnehagelova har alle barn rett til barnehageplass i den kommunen dei bur i.

Søk barnehageplass

Lov om barnehager §16 sikra lovfesta rett til barnehageplass. Denne retten gjeld:

  • Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage frå august.
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehagen frå den månaden barnet fyller eitt år.
  • Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.
  • Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.
  • For barn med lovfesta rett til prioritet (§13 i barnehagelova), er det inga nedre aldersgrense.

Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:

1. Barnet får første ynskje oppfylt.

2. Barnet får andre ynskje oppfylt.

3. Barnet får eit tilbod i annan barnehage, men som likevel er i samsvar med § 12a.

Søkjarar som takkar nei til eit slikt tilbod, vil ikkje ha rett til å få eit nytt tilbod frå kommunen. Søkjarar som ikkje har fått sitt fyrste ynskje oppfylt, har rett til å bli sett på venteliste ved denne barnehagen.

Presisering:

  • Det må vera søkt om barnehageplass innan 1.februar for å ha rett til barnehageplass i hovudopptak.

Opptakskriterie

Lova gjev nokre barn rett til å bli prioritert ved tildeling av barnehageplass. 

Barn med nedsett funksjonsevne har rett til plass. Behovet må dokumenterast med; Sakkunnig vurdering frå PP-tenesta, lege, helsestasjon osv.

Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester  

Barnehagane kan også ha eigne kriterie for opptak. Desse finn du i vedtektene til dei einskilde barnehagane.

Til toppen