BTI - Betre tverrfagleg innsats
Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i vår kommune. Stundom oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?
Betre Tverrfaglig Innsats, BTI, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
For å sjå korleis Bømlo kommune jobbar i oppfølging av barn ein er uroa for, gå inn på BTI-handlingsrettleiaren til Bømlo.
Sist endra 25.08.2021 12:12