Leksehjelp er ei lovpålagd teneste.
Opplæringslova § 4-4: Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift om leksehjelptilbodet.
Opplæringslova § 10-6 b: (…) Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Opplæringsforskrifta § 2-1: Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp på minst åtte timar kvar veke. Kommunen fordeler timane fritt på alle trinna i grunnskolen.
I Bømlo kommune er det ikkje politisk vedteke at skulane skal vera leksefri. Når dette ikkje er bestemt, er det opp til kvar einskild skule om dei skal gi lekser. Skular skal ha leksehjelp, anten skulen gir lekser eller ikkje. Det kan variera ved kvar skule korleis leksehjelpa blir gitt.
I Bømlo kommune gjorde Utval for oppvekst, kultur og idrett i møte 8. april 2014 vedtak om at det frå og med skuleåret 2014/15 skal bli gitt leksehjelp på 4., 5., 6. og 7. årstrinn, med to timar på kvart trinn pr veke. Dette er framleis gjeldande.
Leksehjelpa er gratis.
Det er ikkje rett til gratis skuleskyss til eller frå leksehjelpa.