Informasjon om Hillestveit skule

 

 

Hillestveit skule Simon K. Sortland

 

Hillestveit skule ligg på Langevåg, heilt sør i Bømlo kommune. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 124 elevar skuleåret 2023/24. Saman med elevane jobbar om lag 15 lærarar og 5 assistentar.

Den eldste delen av skulen er bygd i 1965. I 1979 vart det bygd ei ny avdeling som rommar bibliotek, basseng, personalavdeling og administrasjon. Her held og ungdomsskulen til.

i 2005 stod Langevåg Bygdatun ferdig. Hillestveit skule nyttar den flotte idrettshallen med utstyr i kroppsøvingstimane. I tillegg nyttar me ofte kultursalen i samband med den kulturelle skulesekken, og ikkje minst til våre eige samlingar der elevane får bruka alt av lyd, lys og anna teknisk utstyr.

 

Til toppen