Om Meling skule

Meling skule er ein skule i vekst og har omlag 200 elevar, fordelt på 10 klassar frå 1.-7.trinn, og rundt 80 elevar på SFO. Skulen er bygd i 1999, og i 2021 fekk vi eit moderne påbygg med to nye klasserom, grupperom og stor SFO avdeling.

Etter kvart som elevtalet har auka, har vi hatt behov for enno meir plass. Difor fekk skulen hausten 2025 eit nytt tilbygg, paviljongen, som gir rom for to ekstra klasserom og gode læringsareal for elevane våre.

uteområde meling skule og sfo - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland

Meling skule ligg på Melingsheio, ca 2 km frå Svortland sentrum.

Skulen har eit stort og fint bibliotek, kunst- og handverksrom, musikkrom, stor gymsal og nyleg renovert skulekjøken. I samband med utbygginga fekk personalet nytt arbeidsrom og personalrom.

Elevane har eit stort og godt uteområde å leika på, med leikeapparat, ballbinge og kunstgrasbane. I samband med utbygginga vert også uteområdet oppgradert med nye leikeapparat og beplantning. Meling skule ligg tett på fine naturområder og turløyper, og elevane har ofte læringsøkter ute i naturen.

Bømlo kommune tok frå skuleåret 2021/2022 i bruk Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule. SFO og barnehagar i kommunen brukar allereie løysinga.

Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til www.vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID. Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.

 

Meling skule skal dette skuleåret ha vanleg skuledag fredag 29.01.2027, då dei andre skulane på Bømlo har planleggingsdag og så har vi elevfri dag tysdag 13.04.2027. Årsaka er at personalet har spart i årevis og vore så heldig å fått innvilga søknad om studietur. Flytting av planleggingsdagen er behandla av FAU og vedteken i SU hausten førre skuleår.

 

Les denne artikkelen om tre lærarar frå Meling skule: Bømlo kommune - plassen å bu, leva og jobba! (PDF, 2 MB)

Sjå rekrutteringsvideoen om læraryrket på Bømlo

faksimilie av avisoppslag med lærarar - Klikk for stort bileteMøte med tre lærarar på Meling skule. Bømlo kommune/Marhe Eide