Om Moster skule

    Moster skule Ann Iren S. Dahl      

Moster skule ligg på Moster, på søraustsida av Bømlo, ikkje langt frå Trekantsambandet. Skulen var ny i januar 2009, og er ein kombinert barne og ungdomsskule med SFO, skulebibliotek og stor fleirbrukshall.  Om lag 350 elevar og  50 tilsette høyrer til på skulen.

Skulen har eit stort og godt uteområde å leike på, med leikeapparat, ballbinge og ein skog som kan utforskast. I tillegg er me så heldige å få låne kunstgrasbanen til Moster idrettslag når me har bruk for det.  

Kontaktinformasjon:

Moster skule
Espelandssjøen 1
5440 Mosterhamn
Tlf:  940 04 178
E-post: moster.skule@bomlo.kommune.no

 

Til toppen